Wright Peninsula

From Wikipedia, the free encyclopedia

Wright Peninsula
Remove ads

Wright Peninsula er ei halvøy som ligg mellom Ryder Bay og Stonehouse Bay på austkysten av Adelaide Island i Antarktis. Ho vart namngjeve av the United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1964 etter Alan F. Wright, som var landmålar i British Antarctic Survey (BAS) ved den nærliggande Adelaide station, 1960-63.

Thumb
Wormald forlandsbre dekkjer store delar av Wright Peninsula og endar i høge isklipper ved Laubeuffjorden. Fjella til høgre er ein del av Stokes Peaks. Lengst til venstre kan ein sjå eit vatn av smeltevatn frå isen. Retninga er mot nord-nordvest.
Kjappe fakta Land, Stad ...

Før 1964 vart halvøya kalla «Square Peninsula»[1], som svarar til forma på halvøya. Nord på kysten ligg Stokes Peaks og på sørsida Reptile Ridge. På austkysten ved Laubeuffjorden ligg Wormald forlandsbre med vertikale isklipper som gjer at det berre er to isfrie stader det er mogeleg å gå i land. Ein av desse er ved Rothera Point heilt sør på halvøyar, der den britiske Rothera forskingsstasjon ligg. Den andre er det vesle Mackay Point. Like utanfor breen ligg Webb Island. Princess Royal Range skil halvøya frå rest av Adelaide Island og er berre landfast ved McCallum Pass.[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads