Wukinesisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Wukinesisk eller berre wu er eit kinesisk språk eller ei dialektgruppe som blir snakka av rundt 77 millionar menneske i Wu-regionen rundt Shanghai, sørlege Jiangsu, Zhejiang og ein del av Anhui aust i Kina. Wukinesisk blir også snakka i fleire utvandrarmiljø.


Sammenlikna med mandarinkinesisk har wu-dialektane eit noko ulikt ordforråd, tidvis ei anna ordstilling og fleire språktonar. Dialektane i Shaoxing og Wenzhou har åtte tonar medan shanghainesisk har fem.
Remove ads
Dialektgrupper
Wukinesisk blir gjerne delt inn i seks hovuddialektar:
- Tàihú 太湖: Sør-Jiangsu og nord-Zhejiang. Her høyrer mellom anna shanghainesisk, suzhouhua, wuxihua, changzhouhua, hangzhouhua, ningbohua og shaoxinghua til.
- Táizhōu 台州: I Zhejiang
- Dōng'ōu 东瓯: I Wenzhou (Zhejiang)
- Wùzhōu 婺州: I og rundt Jinhua (Zhejiang)
- Chùqú 处衢: I og rundt Lishui og Quzhou (Zhejiang)
- Xuānzhōu 宣州: I og rundt Xuancheng (Anhui)
Remove ads
Bruk
Nokre kjende wutalarar er Chiang Kai-shek, Lu Xun og Cai Yuanpei. Språket blir brukt i Shaoxing-opera og i framføringar av den populære utøvaren Zhou Libo.
Wukinesisk har elles låg status i høve til det offisielle mandarinkinesisk. Det er ikkje offentleg anderkjend i Kina, og blir i dag ikkje brukt i skular eller offentleg samanheng. Ei rekkje tv-program blir laga på wuspråk, men offisielle retningsliner seier at desse ikkje kan kringkastast i beste sendetid.[1]
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Yuen Ren Chao [Zhào Yuánrèn 赵元任]: «Contrastive aspects of the Wu dialects», i: Language 43:1 (1967), s. 92-101.
- Jerry Norman: Chinese, Cambridge, 1988.
- Zhào Yuánrèn 赵元任: Xiàndài Wúyǔ de yánjiū 《现代吴语的研究》 (Studiar av dei moderne Wu-dialektane, 1928).
- Qián Nǎiróng 钱乃荣: Dāngdài Wúyǔ yánjiū 《当代吴语研究》 (Studiar av Wu-dialektane i samtida, 1992).
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads