X

From Wikipedia, the free encyclopedia

X

X er den tjuefjerde bokstaven i det latinske alfabetet.[1] Han blir uttala /ɛks/, medan han i internasjonal lydskrift står for ein ustemd velar frikativ (strupelyden sist i Bach eller loch). I det kinesiske pinyin-systemet står han for ein sj-lyd med tunga framme i munnen, /ɕ/.

Denne artikkelen handlar om bokstaven X. For nettsamfunnet, sjå Twitter. For systemprogramvara, sjå X Window System.
Kjappe fakta Bruk, Skriftsystem ...
X
Thumb
Thumb
Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
Fonetisk bruk[x]
[χ]
[ħ]
[]
[ks]
[ʃ]
[ɕ]
[]
[ʒ]
[ɗ]
[ʔ]
[ǁ]
/ɡʒ/[a]
[kʃ]
[d͡z]
[]
[z]
[gz]
[Ø]
/ɛks/
UnicodeU+0058, U+0078
Plass i alfabetet
Talverdi: 24
Historie
Utvikling
R11
(spekulasjon)
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar  ×
 
 
 
 
 
 
 
SlektningarХ
𐍇

Anna
Tilknytte tal24
SkriveretningVenstre til høgre
Lukk

I NATO sitt fonetiske alfabetet melder ein X som X-ray.

I mange språk, til dømes italiensk og norsk, er bokstaven ikkje i bruk i eigne, heimelaga ord. Derimot kan ein finna han i lånord og namn av utanlandsk opphav.

Historie

Meir informasjon Gresk xi, Gresk chi ...
Gresk xi Gresk chi
Thumb Thumb
Fønikisk S Egyptisk djed
Thumb
R11
Lukk

Dei tidlege vestgrekarane brukte bokstaven χ, khi, for lyden /ks/. Austgrekarane og seinare heile det greske skriftspråket let denne bokstaven stå for lyden /kʰ/. I skriftspråk som er påverka av austgrekarane, som aserbadsjansk, tatarsk, usbekisk og lojban står X for strupelyden /x/. I det etruskiske og det seinare latinske alfabetet fortsette ein dermed den tidlegare vestgreske bruken.

Det er omstridd om bokstavane khi og xi er greske oppfinningar eller om dei har semittisk opphav. Khi var plassert mot slutten av det greske alfabetet, etter dei semittiske bokstavane, noko som tyder på at han var ei seinare utvikling. Det finst heller ingen semittisk lyd som svarar direkte til /ks/.

Ein reknar gjerne den fønikiske bokstaven samekh (uttalt /s/) som inspirasjon for gresk xi. Khi har ei ulik utforming frå denne bokstaven, men han kan og ha vore inspirert av samekh. Den opphavlege forma for samekh kan ha vore den egyptiske hieroglyfen for djed-søylen, men dette er og usikkert, ettersom ein ikkje har dokumentert nokre former imellom denne og den fønikiske bokstaven.

X kan stå for

  • ukjend, både i matematiske likningar og i spaningsforteljingar (t.d. «Prosjekt X»)
  • ein tenkt planet X med bane utanfor Pluto.
  • eit tapt etternamn. Medlemmer i Nation of Islam, som Malcolm X, har brukt bokstaven for å visa til kulturen dei mista gjennom slaveriet.
  • «ekstra» i engelske storleikar på klede, som i XS (extra small, altså ekstra lite) eller XXXL (extra extra extra large, eller svært stort)
  • talet 10 med romartal[1]
  • x er i matematikken teikn for ein ukjend storleik, i analytisk geometri for abscissen (den første koordinaten) i eit koordinatsystem.
  • forkorting for Khristos eller Kristus.
  • X av Klaus Schulze, eit album av Klaus Schulze.

Merknadar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.