Xenon

grunnstoff med kjemisk symbol Xe og atomnummer 54 From Wikipedia, the free encyclopedia

Xenon
Remove ads
Remove ads

Xenon er eit grunnstoff med atomnummer 54 og kjemisk symbol Xe. Det er ein fargelaus og luktfri edelgass. Små mengder xenon finst i atmosfæren.

Meir informasjon Generelle eigenskapar, Atomeigenskapar ...
Remove ads

Spesielle kjenneteikn

Som edelgass har xenon ingen valenselektron og er derfor som regel i gassform som sjeldan reagerer med andre atom. Xenongass samla i ein kolbe og tilført elektrisk lading vil gløda blått.

Ein har klart å skapa metallisk xenon ved hjelp av eit trykk på fleire gigapascal. Xenonmolekyl kan òg danna innesluttingssambindingar med vatn dersom dei blir fanga i eit nettverk av vassmolekyl.

Historie

Xenon vart oppdaga av William Ramsay og Morris Travers i 1898 som solide restar etter at flytande luft hadde fordampa. Namnet xenon er gresk og tyder utlending eller ukjend.

Bruk

Xenon vert brukt i lysrøyr, der det gir ein blåfiolett farge.

I høge konsentrasjonar kan xenon brukast som narkosemiddel.

Den radioaktive isotopen 133Xe blir brukt i diagnose av lungefunksjon.

I dei siste åra har Xenon vorte brukt i romfart som drivmiddel i såkalla Ionemotorar. Her blir Xenon ionisert og sendt i stor fart ut av motoren. Slike motorar er drivne av elektisitet frå solpanel eller frå ein kjernereaktor, til skilnad frå kjemiske rakettmotorar der energien er i drivstoffet sjølv. Ionemotorar skil seg frå rakettmotorar ved at dei ha svært låg effekt men er svært effektive, og vil derfor kunne virke i lang tid av gangen. Slike mototar har vorte brukt blant anna I NASA sitt «deep impact»-program og i ESA sin SMART-1 sonde.

Kjemi

Sjølv om Xenon er ureaktiv, kan ein likevel danne Xenonsambindingar med Fluor og Oksygen, slik som XeF2, XeF4, XeF6, XeO3 og XeOF4. Alle er kraftige oksydasjonsmiddel, og er kommersiellt tilgjengelege.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads