Yasuf

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yasuf
Remove ads

Yasuf (arabisk ياسوف) er ein palestinsk by som ligg i Salfit guvernement nord på Vestbreidda, 7 km nordaust for Salfit, 37 km sørvest for Nablus og like ved den israelske busetjinga Kfar Tapuach. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 1 621 i 2007.[1] Kring 87 % av folkesetnaden livnærer seg av jordbruk, medan resten arbeider i offentleg sektor.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Arkeologi

Nordaust og sørvest for landsbyen ligg ein stor gravplass, med graver hogde inn i berget. Ein har òg funne bysantinsk keramikk her.[3]

Historie

I romersk tid i Palestina (ca. 63 fvt.-330 evt), vart landsbyen kalla Yaashuv og var nemnt i Samaria Ostraca,[4] og var ein av tre viktige marknader for frukt, korn og grønsaker nord i Judeafjella, sør i Samaria, og regionen Lod.[5]

I krossfarartida skreiv Diya' al-Din (1173–1245) at det låg ein landleg moské i Yasuf, og indikerte at det var ein stor muslimsk folkesetnad i landsbyen på den tida.[6]

Staden stod oppført i osmanske skattelister i 1596 som Yasuf ar-Rumman i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 41 hushaldningar og 8 ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[7]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsby i 1870, og noterte ned kring 350 innbyggjarar. Landsbyen verka særs gammal med gamle murhus og murar. Landsbyen hadde ei rik vassforsyning. Vatnet vart mellom anna nytta for hagar med oliven og granateple.[8] I The Survey of Western Palestine (1882) vart Yasuf skildra som «ein eldgammal landsby,» i ein del med ein romersk veg like ved.[9]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Yasuf eit folketal på 172, alle muslimar,[10] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 61 busette hus og eit folketal på 257, framleis alle muslimar.[11] I 1945 var folketalet 360, alle arabarar, medan det samla landarealet var 6 068 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[12] Av dette var 928 for plantasjar og irrigert land, 1 991 for korn,[13] medan 35 mål var klassifisert som utbygde område.[14]

Israel-Palestina-konflikten

Den 11. desember 2009 vart Yasuf's Al-Kabir-moskeen vandalisert og sett i brann.[15] Israelsk politi mistenkte israelske busetjarar.[16] Bønetepper og heilage bøker vart øydelagde i brannen, og brannstiftarane hadde skrive på veggane «Me skal brenne dykk alle» og «Førebu dykk på å betale prisen».[16] Eit par månader seinare hadde radikale busetjarar erklært at palestinarar på Vestbreidda skulle få betale «prisen» kvar gong israelske styrkar reiv ned ulovlege israelske busetjingar.[16] Etter hendinga opna israelske styrkar eld mot 100 palestinske innbyggjarar i landsbyen, som demonstrerte mot eldpåsetjinga.[16]

I januar 2010 vart den ekstremistiske busetjaren rabbi Yitzhak Shapira arrestert av israelsk politi for å ha vore involvert i brannstiftinga, men han nekta all involvering og vart seinare sleppt fri på grunn av mangel på bevis.[17][18]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads