Ygre stasjon
stasjon på Bergensbanen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ygre stasjon ligg på Ygre i Voss herad i Vestland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1908. Det er lokaltoga i Raundalen som stoppar på stasjonen.
Ygre ligg mellom Kløve haldeplass og Gjerdåker haldeplass, 168,0 moh, 379,03 km frå Oslo.
Stasjonsbygningen vart flytt til Ygre frå Nesttun ved Bergen i 1904. Han er teikna av Baltazar Lange og vart ført opp på Nesttun i 1880 til Vossebanen.[1]
Stasjonsområdet med stasjonsbygningen og uthuset, som er teikna av Paul Armin Due, er freda.[2][3]
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads