Yoann Kowal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Yoann Kowal
Remove ads

Yoann Kowal (fødd 28. mai 1987) er ein fransk mellom- og langdistanseløpar som i 2014 vart europameister i 3 000 meter hinder og to år seinare tok bronsen i same øvinga.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Aktiv

Kowal deltok i 2010 på 1500 meter ved friidretts-EM i Barcelona, og vart femtemann i finalen. Året etter sette han 8. juli personbeste på distansen med 3.33,7 i eit stemne i Paris. Etter å ha roke ut i semifinalane på 1500 meter både under verdsmeisterskapen 2011 og sommar-OL i 2012, valde han i staden å satse på 3 000 meter hinder.

Den 9. juni 2013 fekk Kowal i Rabat notert 8.12,5 i hinderløpet, ei tid som vorte ståande som personleg rekord. Seinare i sesongen kom han på åttandeplass i verdsmeisterskapen. Sommaren 2014 vann han gjennom ein frisk spurt EM-gullet på ordinære 8.26,6. OL-sesongen 2016 tok han bronsen i 3 000 m hinder under Amsterdam-EM og han vart nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Under Berlin-EM 2018 var Kowal eit lite sekund for seint ute til å sikre seg ein ny EM-bronse i 3 000 m hinder.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Yoann Kowal
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads