You're a Big Girl Now
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«You're a Big Girl Now» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på det 15. studioalbumet hans, Blood on the Tracks, i 1975. Det er ein av fem songar på albumet som Dylan først spelte inn i New York City i september 1974 og så spelte inn på ny i Minneapolis i desember same året. Den siste innspelinga vart gjort 27. desember 1974.[1]
Forskjellige opptak av «You're a Big Girl Now» frå New York-innspelinga kom ut i 1985 på samleplata Biograph[2] og i 2018 på den enkle CD-utgåva og den doble vinylutgåva av The Bootleg Series Vol. 14: More Blood, More Tracks. Alle opptaka frå New York kom ut på luksusutgåva av albumet.[3] Luksusutgåva av The Bootleg Series Vol. 14 inneheld òg ein remiks av albumversjonen av songen.[4]
Eit konsertopptak av songen, innspelt 23. mai 1976, kom ut på albumet Hard Rain.
Setninga «Love is so simple, to quote a phrase» refererer til ein song av gruppa The Dells, «Love Is So Simple».
Remove ads
Andre versjonar
- The Sports spelte inn ein versjon i 1981 på EP-lata The Sports Play Dylan (and Donovan)
- Lloyd Cole i 2001 på albumet ETC
- Jimmy Lafave og Lisa Miller i 1996 på albumet hennar Quiet Girl with a Credit Card
- Zita Swoon i 2006 på albumet deira Camera Concert - A Band In A Box
- My Morning Jacket i 2012 å samlealbumet Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.
Norsk versjon
Ein nynorsk tekst til songen vart skriven av Tom Roger Aadland og kalla «Stor jente no». Denne kom ut på albumet Blod på spora i 2009.
Svensk versjon
Ein versjon versjon av songen kalla «Du är en stor tjej nu» finst på albumet Vid grinden av Georga.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads