Biograph
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Biograph er ein plateboks med 53 songar frå heile karrieren til Bob Dylan, frå debutalbumet hans i 1962 til albumet Shot of Love i 1981. Boksen kom ut i 1985 på Columbia Records, anten på 5 LP-ar eller 3 CD-ar. Det var eit av dei første og mest suksessrike døma på ein CD-boks. Boksen nådde 33. plass i USA og selde til platinaplate.[4]
Remove ads
Utval
Innspelingane på Biograph er ei blanding av raritetar, hitsinglar og populære albumspor. Dei er ikkje presenterte i kronologisk rekkefølgje. Av dei 53 songane på albumet var det 18 songar som aldri hadde vorte gjevne ut før, mellom anna «Lay Down Your Weary Tune» (som avsluttar Martin Scorsese-filmen No Direction Home) og tre til som berre var gjevne ut på singlar, som «Can You Please Crawl Out Your Window?».
Alle studioalbuma til Dylan fram til boksen kom ut er representerte med minst eitt spor, med unntak av Self Portrait, Dylan, Desire, Infidels og Empire Burlesque, sjølv om to songar frå Desire finst i konsertopptak og «Abandoned Love» er henta frå innspelingane til Desire. Boksen kom med eit hefte på 36 sider med sjeldne bilete og tekst av Cameron Crowe, som intervjuar Dylan om kvar song på albumet, i tillegg til fem doble sider med kommentarar om kvart spor.
Samlinga inneheld ni av dei elleve topp 40-hittane Dylan hadde. Dei som manglar er «Rainy Day Women #12 & 35,» «George Jackson» og «Hurricane». Nine av ti spor frå Bob Dylan's Greatest Hits finst i denne samlinga.
Samlinga vart først gjeven ut i alle format som vinylutgåva, men Legacy Records gav ut albumet i ei mindre CD-utgåve i august 1997 med nymastra lyd. 6. august 20020 vart samlinga igjen gjeve ut i eit lite bokformat med tre CD-plater. Enno ei ny utgåve av denne kom ut i 2011 med nymastra lyd igjen.
Remove ads
Innhald
All songane er skriven av Bob Dylan utanom «Baby Let Me Follow You Down» av Gary Davis, Dave Van Ronk og Eric von Schmidt, og både «Isis» og «Romance in Durango» er av Dylan og Jacques Levy. CD-utgåva har same rekkefølgje, utanom at plate to sluttar med «Jet Pilot» etter «Isis». Plate 1 endar med «I Don't Believe You (She Acts Like We Never Have Met)» og plate 2 endar med «Visions of Johanna.» Plate tre byrjar med «Caribbean Wind.»
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads