You Got It
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«You Got It» er ein song av Roy Orbison frå albumet Mystery Girl (1989). Songen nådde niandeplassen på Billboard Hot 100 og toppen av adult contemporary-lista,[1] og gav Orbison den første topp 10-plasseringa si i USA på 25 år.[2] Songen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart våren 1989. Dette var nokre månader etter Orbison døydde av hjarteinfarkt den 6. desember 1988, 52 år gammal. «You Got It» vart den siste hitsingelen til Orbison i USA, medan singelen «I Drove All Night» nådde topp 5 i Storbritannia i 1992. I tillegg var det den einaste solosingelen hans som nådde Hot Country Songs-lista i USA med ein sjuandeplass. Sjølv om singelen er Orbison solo, vart han skriven i lag med bandkollegaene hans i Traveling Wilburys, Tom Petty og Jeff Lynne, som òg speler på albumet.
Den einaste gongen Orbison framførte songen på konsert var ved Diamond Awards Festival i Antwerpen i Belgia, berre få dagar før han døydde. Bilete frå konserten vart med i musikkvideoen til songen.
Refrenget i songen «Anything you want, you got it, anything you need, you got it, anything at all, you got it» vert nytta i Die Antwoord-songen «Ugly Boy».
Remove ads
Lister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Medverkande
- Roy Orbison – vokal, korvokal, akustisk gitar
- Jeff Lynne – korvokal, elektrisk gitar, akustisk gitar, klaverinstrument, bassgitar, piano
- Tom Petty – korvokal, akustisk gitar
- Phil Jones – trommer, perkusjon
Andre versjonar
I USA vart songen ein hit igjen i 1995 med Bonnie Raitt, som spelte inn ein versjon for filmen Boys on the Side. Denne nådde 34. plassen på Hot 100. Whoopi Goldberg song òg songen for filmen. Den sørafrikanske songaren Ray Dylan spelte ein versjon av songen for albumet Goeie Ou Country vol 3.[12]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads