You Win Again av Hank Williams
song av Hank Williams From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«You Win Again» er ein song frå 1952 av Hank Williams. Songstilen er ein bluesballade og omhandlar songaren som er fortvila over kjærasten sin. Songen er blitt spelt av mange andre artistar, med versjonar av Jerry Lee Lewis, Roy Orbison, Grateful Dead, Bob Dylan og Rolling Stones.
Remove ads
Bakgrunn
Hank Williams spelte inn «You Win Again» den 11. juli 1952, dagen etter at skilsmissa frå Audrey Williams var endeleg. Som «Cold, Cold Heart» var songen truleg inspirert av det stormande forholdet med eks-kona, som biografiforfattaren Colin Escott skriv:
- «Det kan ha vore tilfeldig, men utan bevis på det motsette, då songen er skriven dagen etter skilsmissen til Hank var endeleg, så verkar songen som ei side riven ut av dagboka hans. Svik-temaet var mykje brukt før Hank takla det, men trekt ut frå den botnlause brunnen av krenking han kjende, så gav han temaet ein ny giv på grensa til aktualitet.» [1]
I den originale teksten Williams skreiv, så heitte songen «I Lose Again», men dette vart snudd om av produsenten Fred Rose.[1] Opningslinja «The news is out all over town», byrjar soga om ein fullstendig slått forteljar som ikkje klarar å forlate kjærasten, trass i hennar utruskap. Songen vart spelt inn i Castle Studio i Nashville med Jerry Rivers (fele), Don Helms (steelgitar) og Harold Bradley (rytmegitar), medan ein har spekulert i om Chet Atkins spelte sologitar og om Ernie Newton spelte bass.[2]
«You Win Again» vart utgjeven som B-side til «Settin' the Woods on Fire», hovudsakleg fordi livlege, dansbare songar vart føretrekte som A-sider, radiospeling og jukeboks-handel. Likevel nådde «You Win Again» tiandeplassen på Most Played in C&W Juke Boxes-lista, der han berre låg ei veke.[3]
Remove ads
Andre versjonar
- Popsongaren Tommy Edwards gav ut songen for MGM same dagen som Williams og nådde 13. plassen på poplista hausten 1952.
- Venen og rivalen til Williams, Lefty Frizzell spelte songen for Columbia.
- Seint i 1957 gav Jerry Lee Lewis ut songen som B-sida til «Great Balls of Fire». Versjonen hans nådde fjerdeplassen på countrylista.
- Johnny Cash spelte inn songen 13. mai 1958 for Sun Studio.
- Den 25. oktober 1958, spelte Gene Vincent inn songen for albumet Live At Town Hall Party.
- I 1959 spelte Conway Twitty songen på albumet Saturday Night with Conway Twitty.
- Jeanne Black gav ut ein versjon av songen i 1960 på debutalbumet A Little Bit Lonely.[4]
- I 1960 spelte Mark Dinning inn songen for albumet Teen Angel. Denne kom òg ut på B-sida til singelen «A Star Is Born (A Love Has Died)» same året.
- Songen er med på Ray Charles-albumet Modern Sounds in Country and Western Music i 1962.
- George Jones spelte inn songen i 1962 på albumet My Favorites of Hank Williams.
- Wanda Jackson spelte inn songen i 1966 for Capitol Records.
- I 1967 spelte Bob Dylan og The Band inn songen og opptaket kom ut i 2014 på albumet The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete.
- Stonewall Jackson spelte songen i 1969 på albumet A Tribute to Hank Williams.
- Gram Parsons framførte songen med medlemmar av Flying Burrito Brothers i Avalon Ballroom i San Francisco i 1969.
- Tidleg i 1970-åra spelte Mason Proffit inn ein langsam countryrockversjon av songen på albumet Rockfish Crossing.
- Roy Orbison spelte inn songen for sitt hyllestalbum for Hank Williams i 1970.
- Grateful Dead spelte songen fleire gonger på turneane sine i 1971 og 1972. Eit konsertopptak frå 24. mai 1972 i Lyceum Theatre i London finst på albumet Europe 72.
- Glen Campbell spelte inn songen i 1973 på albumet I Remember Hank Williams.
- I 1980 spelte Charley Pride songen og han nådde 24. plassen på countrylista.[5]
- Moe Bandy spelte inn songen i 1983 for hyllestalbumet Sings the Songs of Hank Williams.
- Townes Van Zandt framførte songen på albumet Road Songs.
- Mike Ness gav ut denne songen på albumet Cheating At Solitaire i 1999 på Time Bomb Recordings. Han spelte songen mange gonger med Social Distortion.
- Keith Richards spelte inn songen for Timeless: Hank Williams Tribute som vann Grammyprisen forr beste countryalbum i 2001. Songen var òg med som bonusspor på Rolling Stones-albumet Some Girls frå 1978, med Mick Jagger på vokal.
- I 2005 spelte Martina McBride inn songen for albumet Timeless.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads