You Won't See Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«You Won't See Me» er ein song av The Beatles, frå albumet Rubber Soul. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i røynda skriven av Paul McCartney. Dette er ein av få songar der McCartney syng lågare harmoni, medan Lennon og Harrison syng den høgare harmonien i lag.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Songen er om ei krise i forholdet til den dåverande kjærasten til McCartney, Jane Asher. Ho slutta å ringe attende til han og ignorerte han ein periode. Den meir bitande tonen i songen markerer ei endring frå tidlegare, lykkelegare kjærleikssongar. «You Won't See Me» vart innspelt under den siste innspelingsdagen for Rubber Soul. Med ei lengd på 3:22 var songen den lengste The Beatles hadde spelt inn til då og markerte ein trend Bob Dylan og andre starta på denne tida med å skrive lengre songar.[2]

Mal «Organ» Evans (ein av roadieane til Beatles gjennom heile karrieren deira) spelte hammondorgel på denne songen.[2]

Remove ads

Medverkande

Annne Murray-versjonen

I 1974 vart «You Won't See Me» ein stor hit for Anne Murray, og nådde 8. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening singles-lista.[3] Lennon fortalte Murray at versjonen hennar av «You Won't See Me» var hans favoritt av coverversjonane av Beatles-songar.[4]

Salslister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...

Andre versjonar

Songen vart spelt inn av Bryan Ferry på albumet These Foolish Things i 1973. Robert Palmer spelte òg inn ein versjon av songen.

The Bee Gees spelte songen i Australia i 1966 og vart sidan gjeven ut på albumet Inception/Nostalgia i 1970, som berre vart gjeven ut i Tyskland, Frankrike og Japan.

Billy Joel nytta ein kort del av songen i hans «All You Wanna Do Is Dance».

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads