These Foolish Things av Bryan Ferry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
These Foolish Things er debutalbumet til Bryan Ferry som soloartist, gjevne ut medan han framleis var solovokalist og frontmann i Roxy Music. Albumet kom ut i oktober 1973 på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i USA. Det vert rekna som ein annan stil enn Roxy Music sidan det utelukkande består av coverversjonar, hovudsakleg standardar. These Foolish Things selde godt og fekk god kritikk. Det nådde femteplassen på UK Albums Chart og selde til gullplate i mai 1974.[1]
Dei fleste av songane på albumet var Ferry sine personlege favorittar og strekte seg frå standardar frå 1930-åra via Elvis Presley i 1950-åra til Bob Dylan og The Rolling Stones.[2]
Remove ads
Komposisjon
Då Ferry snakka om albumet i 1973 sa han: «Det er ei særs variert samling. Eg har gjeve opp å prøve å tiltale alle samstundes. Somme vil like det av ei grunn, og andre av ein annan grunn. Og somme vil truleg mislike det for feil årsaker, sjølv om eg håpar at den generelle meininga kjem fram. Det er underhaldningsverdien. Trur eg.»[3]
Mottaking
Robert Christgau meinte at Ferry «både undergraver den oppblåste idealismen på Bob Dylan sin 'A Hard Rain's a-Gonna Fall' og stadfestar den essensielle krafta i songen», etablerer Lesley Gore sin «It's My Party» som ein protestsong, og med versjonen sin av «These Foolish Things», «minner oss på at pop berre er, vel, tåpelege ting, og av dei ikkje berre kjem forut for Andy Warhol, men rock and roll sjølv.»[5] I 1983 skreiv Dave Marsh i The New Rolling Stone Record Guide:
These Foolish Things set Lesley Gore opp mot Bob Dylan, og ikkje berre for effekten sin del. Ferry ser på pop som eit slags kontinuum, som strekkjer seg over alle slags Tin Pan Alley- og Brill Building-handverk og innlemmer syn så radikale som Dylan sitt og så banale som Gore sitt. Innafor ein slik tanke er det ikkje lett å skilje kva som fortener å bli avvist som «søppel» og kva som fortener å bli forhøgd til «kunst». Og slike omgrep blir ofte bestemt av konteksten på ein slik måte at rekkjefølgja kan snuast om etter eige ønskje. Ved å endre tempo og syngje kvar song med ein uttrykkslaus, kjenslemessig tomheit han stort sett unngår med Roxy, eksponerer Ferry desse emna så effektivt som ein popsongar nokon gong har gjort i historia.[9]
AllMusic-skribenten Ned Raggett sa at gjennom These Foolish Things «ber den umiddelbare gjenkjennelege silkerøysta til Ferry alt på perfekt vis, og den totale kjensla er leiken og feirande», og kalla albumet «eit av dei beste av sitt slag av nokon artist.»[4] Rob Sheffield hylla i The New Rolling Stone Album Guide i 2004 albumet som eit «konseptuelt og musikalsk tour de force».[8] I 2010 hadde Rhapsody ført opp These Foolish Things som ei av dei beste coveralbuma gjennom tidene.[10]
Remove ads
Innhald
Medverkande
- Bryan Ferry – solovokal, akustisk piano
- Eddie Jobson – klaverinstrument, synthesizer, fiolin
- David Skinner – akustisk piano
- Phil Manzanera – gitarsolo (10)
- John Porter – gitar, bassgitar
- Paul Thompson – trommer
- John Punter – ekstra trommer (7, 8)
- Roger Ball – alt- og barytonsaksofon, blåsearrangement
- Ruan O'Lochlainnb – altsaksofonsolo (11)
- Malcolm Duncan – tenorsaksofon
- Henry Lowther – trompet
- Robbie Montgomery – korvokal (1, 8)
- Jessie Davis – korvokal (1, 8)
- The Angelettes – korvokal (2–7, 9–13)
Teknisk
- Bryan Ferry – produsent
- John Porter – produsent
- John Punter – produsent, lydteknikar
- Steve Nye – lydteknikar
- Andy Arthurs – assisterande lydteknikar
- Nicholas De Ville – design
- Karl Stoecker – fotografi
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads