Yrke

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Yrke, erverv eller profesjon er eit arbeid ein person er trent i eller har som leveveg.[1] Innan dei fleste yrke treng ein ein viss grunnleggjande kompetanse og kunnskap.[2] Dette kan ein få gjennom teoretisk utdanning, praktisk opplæring eller erfaring. Nokre yrkestitlar kan også vera verna, slik at ein treng godkjenning eller løyve for å utføra dei. Yrket kan vera ein viktig del av identiteten og statusen til ein person.[2][3] Folk frå liknande yrkesgrupper kan slutta seg saman i fagforeiningar, laug og liknande.

Yrke kan klassifiserast på ulike måtar. Den internasjonale standarden ISCO-08, utarbeidd av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO og tilpassa norske tilhøve av Statistisk Sentralbyrå, deler yrkeslivet inn i 10 hovudfelt:[2]

1. Leiarar
2. Akademiske yrke
3. Høgskuleyrke
4. Kontoryrke
5. Sal- og serviceyrke
6. Bønder, fiskarar mv.
7. Handverkarar
8. Prosess- og maskinoperatørar, transportarbeidarar mv.
9. Reinhaldarar, hjelpearbeidarar mv.
0. Militære yrke og uoppgitt
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads