Zams

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zams
Remove ads

Zams er ein kommune i Oberinntal i distriktet Landeck i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 125 km² og har 3 400 ibuarar. Landsbyen Zams ligg 770 meter over havet i dalføret Inntal, nær der elvane Inn og Sanna møtest. Kommunen grensar opp mot dei nordlege Kalk-Alpane og dei såkalla Sentral-Alpene. Zams har lite nedbør og er lite utsett for kjølege vindar.

Thumb
Zams

Zams er frå gammalt eit trafikalt knutepunkt. Vegane til og frå Vinschgau, Engadin, Bayern og Bodensjø-området passerer staden.

Folket Zams lever av ulike næringar; både turisme, industri, handverk, handel og andre tenesteytande næringar. Jordbruk er stort sett binæring.

Remove ads

Soge

Under ein brann i 1911 brende halvparten av landsbyen og kyrkja ned, kyrkjetårnet stod uskadd. Den nye kyrkja vart bygd 50 meter unna den gamle, og det frittståande kyrkjetårnet er i dag det fremste kjennemerket for Zams.

Skirennaren Mario Matt er frå Zams.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads