Zanjan-provinsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zanjan-provinsen (persisk استان زنجان Ostān-e Zanjān, aserbajdsjansk Zəncan ostanı) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg i Iransk Aserbajdsjan og folkesetnaden er aserbajdsjanarar.[3] Hn er ein del av Region 3 i Iran.[4] Provinshovudstaden er Zanjan. Provinsen dekkjer eit areal på 36 400 km² og har like over éin million innbyggjarar (2011), som for det meste bur på landsbygda.[5] Provinsen ligg 330 km nordvest for Teheran.
Remove ads
Geografi og klima
Zanjan dekkjer kring 1,34 % av Iran. Folketettleiken er kring 4,25 personar per km². Zanjan grensar til Aust-Aserbajdsjan, Vest-Aserbajdsjan, Hamadan, Kurdistan, Gilan, Ghazvin og Ardabil.
Av shahrestan, eller fylke i Zanjan-provinsen, finn ein:
- Abhar fylke
- Eejrud fylke
- Khodabandeh fylke
- Khorramdarreh fylke
- Zanjan fylke
- Tarom fylke
- Mahneshan fylke
Zanjan har eit fjellklima prega av kalde, snørike vintrar i fjella og moderat klima på slettene om vinteren. Om sommaren er vêret varmt. Den normale maksimumstemperaturen er kring 27 °C, medan den normale minimumstemperaturen om vinteren er –19 °C. Temperaturer over 30 ºC er derimot ikkje uvanleg på varme dagar, og heller ikkje temperaturer ned til –27 °C om vinteren.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads