Zernez

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zernezmap
Remove ads

Zernez er ein kommune i distriktet Inn i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har 1 140 innbyggjarar (2010) og eit areal på 204 km². Kommunesenteret ligg 1474 meter over havet.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Zernez grensar i søraust til Italia. Zernez er eit trafikknutepunkg med vegar oppover i Engadindalen og mot Italia, nedre Engadin mot Austerrike, over Fuornpasset og inn i Val Mustair og over Flüelapasset. Zernez er eit senter for vitjarar til Sveits nasjonalpark. Kommunen ligg i Sur Tasna kreis langs vegen til Ofenpasset inn i Engadin. Han består av landsbyen Zernez og Brail. Lai da Ova Spin er eit reservoar langs elva Spöl som ligg i kommunen.

Retoromansk er det mest utbreidde talemålet i kommunen, men det har i lang tid vore ein vekst av dei som har tysk til daglegspråk.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads