Zipper Catches Skin

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Zipper Catches Skin er det 14. studioalbumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1982.

Meir informasjon Kritikk, Alice Cooper-kronologi ...

Albumet var produsert av Cooper og bassisten hans på den tida, Erik Scott, Zipper Catches Skin er musikalsk kjend for den tørre og energetiske poprockstilen med innslag av punkrock og post-punk og mindre vekt på harde riff, i liknande stil som det føregåande Special Forces. Tekstane til Cooper legg meir vekt på komisk sarkasme. Gitaristen Dick Wagner var tilbake i bandet til Cooper på dette albumet, men det vert generelt ikkje rekna for å ha same standard som dei tidlegare verka hans.

Trass i at singelen «I Am the Future» vart sleppt over heile verda, gjekk albumet berre inn på listene i nokre få land. Det gjekk ikkje inn på lista i USA som det første Cooper-albumet sidan Easy Action.

Zipper Catches Skin og det påfølgjande albumet DaDa, er to album Alice Cooper visstnok ikkje hugsa å ha spelt inn på grunn av stort alkoholmisbruk. Dick Wagner skildra Zipper Catches Skin som særs raskt innspelt[2] og eit «dop-framkalt mareritt».[3]. Det var ingen turne etter albumet, og ingen av songane er framførte på konsertane til Cooper.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Alice Cooper – vokal, synthesizer
  • Erik Scott – bass
  • Duane Hitchings – synthesizer, gitar
  • John Nitzinger – gitar
  • Mike Pinera – gitar
  • Dick Wagner – gitar
  • Billy Steele – gitar
  • Jan Uvena – trommer, perkusjon
  • Jeanne Harris – korvokal
  • Franne Golde – korvokal
  • Flo & Eddie – korvokal
  • Patty Donahue – «vokal & sarkasme»

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads