Zoisitt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Zoisitt
Remove ads

Zoisitt er eit kalsiumaluminiumhydroksidsorosilikat som høyrer til mineralgruppa epidot. Den kjemiske formelen er Ca2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH). Zoisitt er kalla opp etter den slovenske vitskapsmannen Baron Sigmund Zois von Edelstein (Žiga Zois), som forstod at dette var eit ukjend mineral, då mineralforhandlaren Simon Prešern viste han mineralet. Han hadde oppdaga det i Saualpefjella (Svinška planina) i Kärnten i 1805. Zoisitt vart først kjend som saualpitt, etter staden han vart funnen første gongen. Transparente material vert forma til edelsteinar, medan ugjennomsiktige vanlegvis vert nytta til skulpturar.

Kjappe fakta Generelt, Kategori ...

Zoisitt framstår som ein prismeaktig, ortorombisk (2/m 2/m 2/m) krystall eller i massiv form, og er funne i metamorfe bergartar eller pegmatitt. Zoisitt kan vere blå til blådraud, grøn, brun, lilla, gul, grå eller fargelaus. Han har glasaktig glans og musleg til ujamn oppsprekking. Når dei er idiomorge er zoisittkrystallar stripete langs hovudaksen (c-aksen). Parallelt til hovudaksen finn ein fullkomne kløfter. Zoisitt har ein hardleik på litt over 6 og den spesifikke vekta er mellom 3,10 og 3,38, etter kva variant det er snakk om. Strekfargen til zoisittar er kvit, og dei er sagt å vere skjøre.

Ein finn zoisittar i Tanzania (tanzanitt), Kenya (anyolitt), Noreg (thulitt), Sveits, Austerrike, India, Pakistan og Washington i USA.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Zoisitt


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads