Zou Jingyuan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Zou Jingyuan (fødd 3. januar 1998) er ein kinesisk turnar frå Yibin. Han vart verdsmeister 2017 og 2018 og olympisk meister 2021 i skranke.
Zou vann skranke-øvinga både ved Turn-VM 2017 i Montreal og i Turn-VM 2018 i Doha. I Doha vann han også ein gullmedalje med Kina i lagtevlinga. Året etter kom han og Kina på sølvplassen i lagtevlinga ved Turn-VM 2019 i Stuttgart. I 2021 vart det bronsemedalje på Zou i lagtevlinga under dei olympiske leikane i Tokyo. Deretter sigra han i den olympiske skranke-tevlinga, gjennom ei strålande utført øving med høg vanskegrad.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Zou Jingyuan» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2024.
- «Zou Jingyuan» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 20. april 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads