From Wikipedia, the free encyclopedia
Associazione Calcio Milan, i Noreg kjend som Milan, er ein fotballklubb frå Milano i Italia som vart stifta i 1899. Klubben spelar denne sesongen i Serie A. Noverande hovudtrenar er Paulo Fonseca.
| |||
Fullt namn | Associazione Calcio Milan S.p.A. | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Rossoneri («raudsvarte») Il Diavolo («djevelen») | ||
Grunnlagd | 16. desember 1899 | ||
Heimebane | San Siro (kapasitet: 80 074) | ||
Styreleiar | Adriano Galliani | ||
Hovudtrenar | Paulo Fonseca | ||
Liga | Serie A | ||
| |||
Noverande sesong |
AC Milan er ein av dei mest suksessrike klubbane i Serie A med 18 seriemeistertitlar, 16 andreplassar og 13 tredjeplassar. Med unnatak for to sesongar i Serie B i byrjinga av 1980-talet har klubben heile tida heldt seg i toppdivisjonen. Einast Juventus med 30 meistertitlar har fleire sigrar enn AC Milan i Serie A.
Milan har vunne Europacupen og Meisterligaen sju gongar, einast Real Madrid har fleire med sine ni sigrar. Dessutan gjekk Milan to gongar til topps i den no avvikla Cupvinnarcupen. Klubben spelar det prestisjefylte byderbyet, det såkalla Il Derby della Madonnina ('Den vesle madonnaens derby'), mot erkerivalen Inter. Begge desse klubbane spelar heimekampane sine på Stadio Giuseppe Meazza.
12. september 2021 [1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.