Alexander Kahr (fødd 16. august 1965 i Wien) er ein austerriksk musikkprodusent, platepratar og låtskrivar.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Alexander Kahr
Fødd16. august 1965 (59 år)
FødestadWien
OpphavAusterrike
Verka somkomponist
Lukk

Eurovision

Song.Null.Zwei

Kahr hadde i 2002 skrive den engelskspråklege songen «Say a Word» saman med Robert Pfluger. Songen deltok i Song.Null.Zwei, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2002 i Tallinn i Estland, og vart framført av Manuel Ortega. Bidraget vann og fekk representere Austerrike.

Eurovision Song Contest 2002

Austerrike deltok i Eurovision Song Contest 2002 og enda på 18. plass med 26 poeng; tolv frå Tyrkia, sju frå Sveits og fem frå Belgia og eitt frå Kypros og Russland.

Österreich rockt den Song Contest 2013

Saman med Nikola Paryla, Andreas Grass og Natália Kelly skreiv han den engelskspråklege songen «Shine» som sistnemnde sendte inn til Österreichischer Rundfunk (ORF). Songen vart vald ut til å delta i Österreich rockt den Song Contest, den austerrikske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013, og vart framført av Kelly. I finalen vann bidraget og fekk representere Austerrike.

Eurovision Song Contest 2013

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Austerrike i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 14. plass med 27 poeng; fire frå Kroatia, Danmark og Irland, tre frå Moldova og Belgia og to frå Kypros, Serbia og Italia og eitt frå Estland, Slovenia og Storbritannia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget femteplass med ei rangering på 6,32 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 15. plass med ei rangering på 12,33. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. På scena hadde Kelly med seg fem støttevokalistar: Karin Bauer, Regina Mallinger, Birgit Kubica, Harald Baumgartner og Monika Ballwein.[2]

Eurovision Song Contest 2014

Saman med Stella Jones, Michael Dörfler, Dietmar Lienbacher og Diana Lueger var Kahr ein del av den austerrikske juryen i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Røystene frå juryen vart sett saman med dei austerrikske telefon-, SMS- og App-røystene, og utgjorde 50 prosent av røystene frå Austerrike. Juryen røysta i den andre semifinalen, der Austerrike deltok, og finalen.[3]

Kjelder

Fotnotar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.