Eurovision Song Contest 2002

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eurovision Song Contest 2002 var den 47. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen bestod av ein finale som blei arrangert laurdag 25. mai 2002 i Saku Suurhall i Tallinn i Estland. Arrangør var Eesti Televisioon, og programleiarar var Annely Peebo og Marko Matvere. Dette var fyrste gongen konkurransen ble arrangert av eit av landa som kom inn i konkurransen etter at Berlinmuren fall. EBU sette talet på deltakarland til 24 land, og vinnaren blei Latvia med «I Wanna», framført av Marie N. Dette var den fyrste sigeren til Latvia i Eurovision Song Contest.

Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Remove ads

Noreg deltok ikkje på grunn av den dårlege plasseringa i København året før. Dette var fyrste gongen sidan 1970 at Norge ikkje deltok, og hittil einaste gongen landet ufriviljug måtte stå over ei utgåve av konkurransen. Malta kom på andreplass, mens Storbritannia og vertslandet Estland enda på delt tredjeplass. Danmark kom sist, og dette er den einaste sisteplassen til Danmark i konkurransen til no.

Remove ads

Bakgrunn

Thumb
Saku Suurhall i Tallinn.

Etter sigeren med songen «Everybody» i 2001, var Estland og kringkastaren ETV vertar for fyrste gong. Sett bort frå Jugoslavia i 1990, var Estland det fyrste av dei tidlegare austblokklanda til å arrangere Eurovision Song Contest.[1] Lenge var det usikkert om Estland ville ha råd til å arrangere konkurransen, men den estiske kringkastaren fekk til slutt sikra økonomien i arrangementet ved hjelp av ekstra midlar frå regjeringa.[1][2]

ETV la Eurovision Song Contest 2022 til hovudstaden Tallinn og arenaen Saku Suurhall med plass til rundt 10 000 tilskodarar. Til å handtere sendinga henta ETV inn fagfolk og ekspertise frå utlandet. Blant dei var to nordmenn: tv-regissør Marius Bratten og regiassistent Reidunn Nørstelien.[3][4] Bratten jobba på denne tida for svenske SVT, og hadde også hatt regien for konkurransen i 2000. Programleiarar var mezzosopranen Annely Peebo og skodespelaren Marko Matvere.

Opphavleg skulle 22 land delta i konkurransen: Dei 15 beste frå det føregåande året, pluss dei sju landa som hadde blitt ekskluderte frå 2001-utgåva på grunn av dårlege plasseringar året før. Men den europeiske kringkastingsunionen auka talet på deltakarland til 24 og gav dimed Israel og Portugal moglegheita til å delta. Portugal avslo, og plassen blei i staden tilboden Latvia, som seinare gjekk hen og vann konkurransen.[1][5]

Dei fem dårlegaste plasserte landa frå 2001 måtte stå over konkurransen dette året: Island, Irland, Nederland, Polen og Noreg, som mista sin fyrste finale på 32 år.

Remove ads

Sendinga

For fyrste gong hadde konkurransen sitt eige tema – «A Modern Fairytale» ('eit moderne eventyr'). Sidan då har alle konkurransar hatt eit eige slagord. Eventyrtemaet gjekk igjen gjennom heile konkurransen, blant anna i postkortfilmane som blei vist mellom songane.

Sendinga opna med ein kortfilm frå Tallinn, der fjorårsvinnarane Tanel Padar og Dave Benton dukka opp. Etter filmen fortsette sendinga frå Saku Suurhall, og Padar og Benton kom på scena og song vinnarbidraget «Everybody». Deretter kom programleiarane Annely Peebo og Marko Matvere på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk. Under introduksjonen blei det også vist direktebilete frå Eurovision-festar på torget i Tallinn, i London, på Reperbahn i Hamburg og Granada i Spania.

Deretter starta konkurransen, og rekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking. Kypros starta, mens Litauen avslutta. Blant deltakarane var det fleire minneverdige framsyningar. Dei greske deltakarane stilte i romdrakter, Slovenia sende tre dragartistar utkledde som flyvertinner, mens Sergio frå Belgia leverte ei særs energirik framføring. Den tyske deltakaren Corinna May var blind, og skulle eigentleg ha delteke for Tyskland i 1999, men blei diskvalifisert fordi songen hadde vore offentleggjord tidlegare.[6] Dette året var ho tilbake som favoritt med songen «I Can't Live Without Music»,[7] men det tyske bidraget blei berre nummer 21 av 24 bidrag.

Etter at songane var framførte, blei det som vanleg vist ein kortreprise av deltakaren idet telefonavrøystinga start. Åra i forvegen hadde songar med seint startnummer generelt fått fleire telefonrøyster enn songar med tidlege startnummer. For å motverke fordelen av å opptre mot slutten, «snudde» arrangørane dette året kortreprisen. Ein byrja reprisen med song 24 og avslutta med song 1. Dette for at også songane med tidleg startnummer skulle vere friskt i minnet til sjåarane.

Thumb
Spanske Rosa var blant favorittane dette året.

På førehand var Tyskland, Storbritannia, Sverige og Frankrike dei største favorittane til å vinne konkurransen. I Spania var det også enorm merksemd rundt landets deltakar, Rosa López. Ho hadde vunne talentkonkurransen Operación Triunfo, eit Idol-liknande tv-konsept. Programmet og Rosa hadde blitt svært populære i Spania, og forventningane til bidraget «Europe's Living a Celebration» var skyhøge før Eurovision Song Contest. Spania enda til slutt på ein sjuandeplass, men finalen blei sett av heile 14 millionar spanske tv-sjåarar – det høgaste talet nokon gong.[8]

Men i likskap med fjoråret, innfridde ikkje favorittane. I staden utvikla avrøystinga seg overraskande til ein duell mellom Malta og Latvia. Konkurransen blei til slutt vunnen av Marie N frå Latvia med songen «I Wanna». I likskap med «Everybody», som vann konkurransen året før, blei «I Wanna» fort gløymd etter konkurransen. Faktisk dukka songen ikkje opp på nokre av singellistene i Vest-Europa – unntaket var belgiske Flandern, der han dukka opp på utfordrarlista til den offisielle topp 50-lista.[9] «I Wanna» er dimed truleg ein av dei minst suksessfulle vinnarlåtane i Eurovision-historien.[10][11] Men Marie N fikk ein relativt suksessrik karriere i Latvia, og året etter var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Riga.[10]

Storbritannia fekk sitt beste resultat på fire år, takka vere Jessica Garlick og songen «Come Back», som enda på delt tredjeplass saman med vertslandet Estland. Det skulle gå 20 år før Storbritannia slo denne plasseringa, då Sam Ryder blei nummer to med «Space Man» i Torino i 2022.[12]

Noreg måtte stå over

For fyrste gong sidan 1970 deltok ikkje Noreg i Eurovision Song Contest. Årsaka var sisteplassen året før med «On My Own» og Haldor Lægreid. Berre dei 17 beste landa frå 2001 fekk delta, og Noreg måtte difor stå utanfor konkurransen i 2002. Dette var fyrste gongen sidan debuten at Noreg ufriviljug stod utanfor konkurransen. Heller ikkje i 1970 deltok Noreg, men då boikotta NRK finalen i protest mot forma på konkurransen.[13]

Sjølv om Noreg ikkje deltok, blei finalen likevel send på NRK1 med Jostein Pedersen som kommentator.[4] Sendinga på NRK1 blei følgd av 970 000 sjåarar, noko som var ein nedgang på rundt ein halv million sjåarar frå året før.[14] Dei norske sjåarane fekk heller ikkje røyste i finalen, sidan det berre var deltakarlanda som hadde røysterett. Noreg var tilbake i konkurransen igjen i 2003.

Avrøystinga

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Ifølgje konkurransereglane måtte alle land bruke telefonavrøysting eller ein kombinasjon av jury og telefonavrøysting, om eit land ønskte det. Det var berre lov å røyste tre gongar frå kvar telefon.[15] I særskilde tilfelle der telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart, kunne ein jury brukast i staden. Dette gjorde Makedonia, Romania, Russland, Tyrkia og Bosnia-Hercegovina. I tillegg brukte Kypros, Hellas, Spania, Kroatia, Finland, Malta, Slovenia og Litauen ei 50/50-blanding av telefonrøyster og juryrøyster. Landa som brukte telefonavrøysting, hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukast om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomførast. Sjåarane fekk ti minutt på seg til å røyste. Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Remove ads

Hendingar

Påstander om bytte av røyster

Ifølgje konkurransereglane dette året kunne landa bruke telefonavrøysting eller ein 50/50-kombinasjon av telefonrøyster og juryrøyster.[15] Kypros, Hellas, Spania, Kroatia, Finland, Malta, Slovenia og Litauen valde å bruka ein 50/50-kombinasjon. I tillegg hadde Makedonia, Romania, Russland, Tyrkia og Bosnia-Hercegovina berre jury, siden den tekniske infrastrukturen i dei landa ikkje kunne handtere ei så omfattande telefonavrøysting som dette.

Regelverket sa at berre dei 15 beste landa dette året ville få plass i konkurransen i 2003. Dimed hadde landa ein ekstramotivasjon for å sikre seg nok poeng til å kvalifisere seg til neste års konkurranse. I kjølvatnet av avrøystinga dette året kom ei rekkje skuldingar om jury-juks. Fleire delegasjonar hevda at dei hadde blitt kontakta av andre land med tilbod om å bytte juryrøyster. Blant anna skal Frankrike ha blitt kontakta av Kypros som ønskte å bytte røyster. Det til trass for at Frankrike brukte telefonavrøysting og var kvalifisert til neste års finale uansett kor mange poeng landet fekk. Frankrike er nemlig eit av dei «fem store» landa som alltid er kvalifisert til finalen. Då Frankrike avviste tilbodet frå den kypriotiske delegasjonen, skal Kypros ha blitt så sinte at dei ikkje gav Frankrike ei einaste røyst.[16]

Den norske Eurovision-eksperten Kato M. Hansen meinte enkelte land hadde juksa i mange år, og at nokon av dei hadde klart å få nok røyster til å kvalifisere seg til konkurransen året etter: «Mange av jukselandene har åpenbart klart det. Du ser det tydelig når du studerer resultatene nøyere», sa Hansen til Dagbladet.[16]

Ifølgje Dagbladet laga EBU ein rapport som viste kor sannsynleg det var at Kypros, Hellas, Kroatia, Russland, Makedonia, Malta og Romania har inngått ein avtale om å «byte» poeng.[17] Påstandane blei aldri stadfesta eller bevist, men dei fekk uansett følgjer for konkurransereglane åra framover. Til konkurransen i 2003 fjerna EBU moglegheita for å bruke ein 50/50-kombinasjon av telefonrøyster og juryar – heretter måtte alle land bruke telefonavrøysting åleine. I tillegg skulle eit uavhengig teleselskap overvake telefonavrøystinga i kvart land, og ein notarius publicus eller politi skulle overvake at avrøystinga gjekk riktig for seg. EBU varsla også eigne umeldte kontrollar for å stoppe moglegheita for røystebytting.[18]

Dragartist-bråk i Slovenia

Thumb
Dei slovenske deltakarane i Sestre var dragartistar, noko som skapte debatt.

Dei slovenske deltakarane i gruppa Sestre skapte mykje debatt i Slovenia etter å ha vunne den nasjonale finalen i februar. Hovudårsaka var at dei tre mennene i gruppa alle var dragartistar og stilte på scena utkledde som flyvertinner. Kostyma og framføringa møtte motstand i Slovenia og sparka i gong ein debatt om homofile i det katolske landet. Ein slovensk psykiater meinte motstanden mot Sestre i stor grad skuldast den «utbreidde homofobien» i landet.[19]

Stridane nådde også EU og Europaparlamentet. Slovenia var på denne tida på veg til å bli EU-medlem, men debatten omkring Sestre fekk EU-representantar til å spørje om landet eigentleg var klar for medlemskap i unionen. «Eg blei veldig sjokkert då eg fekk vite at det nok ein gong er debatt i Slovenia omkring seksuelle minoritetar. At temaet homofile rettar dukkar opp stadfestar for oss at Slovenia kanskje enno ikkje er klar for EU-medlemskap», sa Lousewies van der Laan i Europaparlamentets komité for offentlege og sivile rettar til slovensk tv.[19]

Trass all debatten i heimlandet valde Sestre likevel å delta i Eurovision Song Contest, der dei enda på ein trettandeplass. To år seinare blei også Slovenia medlem av EU.

Kommentatorar ut mot Israel

Etter finalen hevda israelske myndigheiter at kommentatorane i Sverige og Belgia hadde oppfordra sjåarane til ikkje å røyste på Israel. Årsaka skuldast trulig at Israel nettopp hadde gjenokkupert delar av Vestbreidda som følgje av eit aukande tal palestinske åtak mot Israel.[20] Ifølgje israelske medium skal dei belgiske kommentatorane ha sagt: «vi får håpe Israel ikkje vinn. Dette er ikkje tida for at Israel skal stå vertskap for Eurovision Song Contest». Den eine av dei svenske kommentatorane skal vidare ha sagt at han ville gitt Israel «null poeng».[21]

Remove ads

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[22] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01 Kypros One «Gimme» Engelsk 6 85
02 Storbritannia Jessica Garlick «Come Back» Engelsk 3 111
03 Austerrike Manuel Ortega «Say a Word» Engelsk 18 26
04 Hellas Mikhális Rakindzís «S.A.G.A.P.O.» Engelsk 17 27
05 Spania Rosa «Europe's Living a Celebration» Spansk, engelsk 7 81
06 Kroatia Vesna Pisarović «Everything I Want» Engelsk 11 44
07 Russland Prime Minister «Northern Girl» Engelsk 10 55
08 Estland Sahlene «Runaway» Engelsk 3 111
09 Makedonia Karolina Gotsjeva «Od nas zavisi» (Од нас зависи) Makedonsk 19 25
10 Israel Sarit Hadad «Light a Candle» Hebraisk, engelsk 12 37
11 Sveits Francine Jordi «Dans le jardin de mon âme» Fransk 22 15
12 Sverige Afro-Dite «Never Let It Go» Engelsk 8 72
13 Finland Laura «Addicted to You» Engelsk 20 24
14 Danmark Malene Mortensen «Tell Me Who You Are» Engelsk 24 7
15 Bosnia-Hercegovina Maja Tatić «Na jastuku za dvoje» Serbisk, engelsk 13 33
16 Belgia Sergio & The Ladies «Sister» Engelsk 13 33
17 Frankrike Sandrine François «Il faut du temps» Fransk 5 104
18 Tyskland Corinna May «I Can't Live Without Music» Engelsk 21 17
19 Tyrkia Buket Bengisu «Leylaklar Soldu Kalbinde» Tyrkisk, engelsk 16 29
20 Malta Ira Losco «7th Wonder» Engelsk 2 164
21 Romania Monica Anghel og Marcel Pavel «Tell Me Why» Engelsk 9 71
22 Slovenia Sestre «Samo ljubezen» Slovensk 13 33
23 Latvia Marie N «I Wanna» Engelsk 1 176
24 Litauen Aivaras «Happy You» Engelsk 23 12

Artistar som hadde delteke tidlegare

Meir informasjon Artist, Land ...
Remove ads

Poengtavle

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[23]

██ Jury██ Jury og telefonavrøysting██ Telefonavrøysting

Meir informasjon Deltakarland, Poenggjevande land ...

12 poeng

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei gjevne under avrøystinga.

Meir informasjon Tal, Land som fekk 12 poeng ...
Remove ads

Kommentatorar og poengopplesarar

Poengopplesarar

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over satellitt.[24] Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.

  1. Kypros  Melani Steliou
  2. Storbritannia  Colin Berry
  3. Austerrike  Dodo Roscic
  4. Hellas  Aléxis Kostálas[25]
  5. Spania  Anne Igartiburu
  6. Kroatia  Duško Ćurlić[26]
  7. Russland  Arina Sjarapova
  8. Estland  Ilomai «Elektra» Küttim
  9. Makedonia  Biljana Debarlieva[27]
  10. Israel  Michal Zo'aretz
  11. Sveits  Diana Jörg
  12. Sverige  Kristin Kaspersen
  13. Finland  Marion Rung
  14. Danmark  Signe Svendsen
  15. Bosnia-Hercegovina  Segmedina Srna
  16. Belgia  Geena Lisa Peeters
  17. Frankrike  Marie Myriam
  18. Tyskland  Axel Bulthaupt
  19. Tyrkia  Meltem Ersan Yazgan
  20. Malta  Yvette Portelli[28]
  21. Romania  Leonard Miron
  22. Slovenia  Nuša Derenda
  23. Latvia  Ēriks Niedra
  24. Litauen  Loreta Tarozaitė

Kommentatorar og sendingar

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar og sendingar under Eurovision Song Contest 2002:[29]

Meir informasjon Land, Kringkaster ...
Meir informasjon Land, Kringkastar ...
Remove ads

Andre utmerkingar

I tillegg til det offisielle vinnartrofeet, blei det delt ut fleire prisar og utmerkingar i samband med konkurransen. Blant dei var den offisielle Marcel Bezençon Awards og den fan-baserte Barbara Dex Award.

Marcel Bezençon Awards

Utdjupande artikkel for dette emnet er Marcel Bezençon Awards.

Marcel Bezençon Awards blei fyrst delt ut under årets konkurranse, og er ei utmerking til dei beste songane i finalen. Prisen blei oppretta av {{ikkjeraud|Christer Björkman^^ og Richard Herrey. Utmerkinga er kalla opp etter skaparen av Eurovision Song Contest, Marcel Bezençon, og delast ut i tre kategorier: presseprisen, artistprisen og fanprisen. Fanprisen blei røysta fram av medlemmar av OGAE-klubbene. Prisane blei offentleggjorde like før finalen.[57]

Meir informasjon Kategori, Land ...

Barbara Dex Award

Utdjupande artikkel for dette emnet er Barbara Dex Award.

Barbara Dex Award var ein uoffisiell og humoristisk fan-pris som blei delt ut årleg fram til 2021 av den belgiske nettsida songfestival.be. Utmerkinga blei tildelt den verst kledde artisten, ut frå røystene til fans og vitjande på sida. Prisen var kalla opp etter den belgiske artisten Barbara Dex, som i eit eigesydd plagg kom på sisteplass i 1993.[58] Under er vinnaren som blei røysta fram av fansen i 2002:

Meir informasjon Land, Artist ...
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads