From Wikipedia, the free encyclopedia
Alla Borisovna Pugatsjova (fødd 15. april 1949) er ein russisk songar som har vunne mykje popularitet i og utanfor Russland.
Pugatsjova vart fødd i Moskva i 1949 som dotter av Boris Mikhailovitsj Pugatsjov og Zinaida Arkhipovna (fødd Odegova) Pugatsjova.[1] Ho vart elev ved musikkskule nr. 31 i 1956, og studerte så ved musikkhøgskulen Ippolitov-Ivanov. Ho studerte så ved skule nr. 496, og avslutta studiane sine her i 1964.
I 1966 turnerte Pogatsjova med gruppa Junost' ('Ungdom') i Vest-Sibir. Året etter byrja ho som pianoakkompagnatør ved den statlege sirkusmusikkhøgskulen. Ho song hovduvokal i fleire ulike musikkgrupper, som Novy Elektron, som var del av Lipetsk statlege filharmoniske selskap, i 1966, Moskvitsji i 1971, Oleg Lundstrem si gruppe i 1972–73 og Vesiolyje rebjata i 1974–75. I denne perioden spelte ho også inn songar for ei rekkje filmar.[2]
I 1977 spelte Pugatsjova hovudrolla i musikalfilmen 'Kvinna som syng' (Женщина, которая поёт, Zjenstsjina, kotoraja pojot) i lag med musikkgruppa Ritm. Pugatsjova var med på å skriva filmmusikken, som inkluderte ein ballade med same tittel som filmen. I filmen spelte Pugatsjova ein kjend popsongar som ofra privatlivet sitt for karrieren. Publikum såg på filmen som sjølvbiografisk.[3] Både filmen og musikken vart særs populære, med eit rekordpublikum på 55 millionar.[4] I 1978 vann Pugatsjova rav-nattergalprisen for songen «Vsyo mogut koroli», noko som då tydda at ho automatisk vann Grand Prix ved Intervision Song Contest.[5] Dette var eit sovjetisk alternativ til Eurovision.[6]
I løpet av 1980-talet vitja Pugatsjova ofte Stockholm. Ho hadde fyrst fleire gjesteframføringar på det populære radioprogrammet Galaxen, dirigert av Jacob Dahlin, og var seinare fleire gonger med på fjernsynsprogrammet hans Jacobs Stege. Dahlin og Pugatsjova framførte fleire duettar saman. I Stockholm spelte Pugatsjova inn eit album på engelsk, gjeve ut av World Record Music i Sverige som Watch Out og av Melodija i Sovjetunionen som Alla Pugacheva in Stockholm.
Pugatsjova representerte Russland i Eurovision Song Contest 1997 med songen «Primadonna» og vart der nummer 15 av 25 deltakarar.[7]
På slutten av 1970-åra vart Pugatsjova ein av dei mest elska artistane i Russland for sin «klare mezzosopran og evner til å vise genuine kjensler».[8][9]
Den viktigaste tittelen gjeven til Pugatsjova er tittelen «Folkets kunstnar i Sovjetunionen», som var den høgaste utmerkinga ein kunne tildele ein musikk-kunstnar i Sovjetunionen, og som ho vart tildelt i 1991. Medan ho allereie var tildelt dei lægre titlane «Æreskunstnar i Den russiske sovjetrepublikken» og «Folkets kunstnar av Den russiske sovjetrepublikken» i høvesvis 1980 og 1985, var styresmaktene meir nølande til å tildele Pugatsjova den høgste æra, etter som tidlegare fråsegner og handlingar frå hennar side i stor grad var motstridande med synet til kommunistpartiet.[10][11]
15. april 2009, på 60-årsdagen til Pugatsjova, var ho tildelt «Fedrelandets fortenestorden av 3. klasse» av den russiske presidenten Dmitrij Medvedev.[12]
I 1969 gifta Pugatsjova seg med den litauiske sirkusartisten Mykolas Orbakas og i 1971 fekk dei dottera Kristina Orbakaitė, som også er ein populær songar.[13] Etter fire års ekteskap skilde Pugatsjova seg frå Orbakas i 1973. I 1976 gifta Pugatsjova seg med filmregissøren Aleksandr Stefanovitsj og spelte hovudrolla i fleire av filmane hans. I 1980 braut dei ekteskapet.
I 1985 gifta Pugatsjova seg med produsenten Jevgenij Boldin, som ho tidlegare hadde hatt profesjonelle samarbeid med. I løpet av ekteskapet med Boldin, hadde ho ein profesjonell og romantisk relasjon med den unge musikaren og songaren Vladimir Kuzmin. I 1993 skilde ho seg frå Jevgenij Boldin og uttala at deira profesjonelle liv påverka deira personlege liv for mykje.
I 1994 gifta Pugatsjova seg med popsongaren Filipp Kirkorov. I november 2005 vart det annonsert at dei skulle skilje seg.
23. desember 2011 gifta Alla Pugatsjova seg med komikaren og programleiaren Maksim Galkin.[14] 23. september 2013 vart paret biologiske foreldre til tvillingane Jelizaveta og Harry. Borna fekk dei ved hjelp av ei surrogatmor.[15][16][17]
I mars 2014 skreiv Pugatsjova under på eit opprop mot forfølginga av Andrej Makarevitsj, som protesterte mot den russiske annekteringa av Krimhalvøya og krigen i Donbas.[18]
I mars 2022 drog Pugatsjova og Galkin frå Russland til Israel etter at Russland invaderte Ukraina.[19] I august 2022 vende Pugatsjova tilbake til Russland for å «rydda opp rotet og ordna ting».[20] I september 2022 uttalte ho seg mot invasjonen for fyrste gong, etter at ektemannen var blitt erklært som «utanlandsk agent».[21] Med ein post på Instagram sende ho den fyrste sterke politiske meldinga si nokonsinne der ho fordømte krigføringa, forsvarte ektemannen og bad staten om å erklæra henne også som «utanlandsk agent».[22][23]
|
|
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.