From Wikipedia, the free encyclopedia
Burmesisk skrift er eit skriftspråk som blir brukt til å skriva burmesisk, kayin og monspråk med. Skriftspråket er avleidd av monskrifta, som på si side byggjer på paliskrifta. Bokstavane er avrunda i forma fordi dei opphavleg blei skrivne på skjøre palmeblad.
Skrifta høyrer til brahmifamilien og blei utvikla frå monskrift under kong Anawrahta, den første herskaren av eit samla burmesisk rike.
Den eldste burmesiske innskrifta finn ein på Myazedi-inskripsjonen frå 1113, som har tekstar på pyu, mon, pali og burmesisk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.