From Wikipedia, the free encyclopedia
Cherisse Osei (fødd 23. desember 1986) er ein engelsk trommespelar.[1][2][3] Ho er best kjend som medlem av gruppa Simple Minds, men har også spelt med fleire andre grupper og musikarar, som The Faders, Paloma Faith, Bryan Ferry, Kelly Jones og Mika.[4][5] I 2018 vann Osei fyrsteprisen i kategorien Live Session Drummer i ei avstemming for musikkbladet Rhythm.[6] Som medlem i The Faders opptredde Osei i serien Veronica Mars, med namnet Cherrise Amma Loren Ofosu-Osei i deltakarlista.[7][8] Ho har nemnd John Bonham, Sheila E., Steve Gadd, Levon Helm, Tony Williams og James Gadson som påverknadar.[9]
Cherisse Osei | |||
| |||
Fødd | 23. desember 1986 (37 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Verka som | trommeslagar |
Då Osei voks opp var ho interessert i å bli skodespelar eller dansar, men forelda si musikkinteresse gjorde at ho høyrde «funk, jazz, hip hop og soul», og utvikla si eiga musikkinteresse.[9] Då ho var fem fekk ho eit «rosa Mikke Mus-trommesett» av onkelen sin. Sjølv om dette var den fyrste smaken hennar på tromming, fekk det berre tyding seinare då ho som ellevåring fekk høve til å vera med i ein trommeklubb på skulen og deretter byrja spela fast.[9] Då ho var 12 byrja Osei å spela i band.[9] Då ho var 15 fekk Osei ein jobb i den lokale platebutikken i Wembley, noko ho har sagt introduserte henne for trommeslagarar ho såg opp til.[9]
Osei var trommespelar for The Faders frå 2004 til og med 2006. Gruppa skreiv kontrakt med Polydor og gav ut singlane No Sleep Tonight og Jump, som nådde høvesvis 13. og 21. plassen på dne britiske topplista.[10] The Faders opptredde på Veronica Mars, og musikken deira var med på lydsporet til serien.[7][11]
Frå 2006 til og med 2012 spelte Osei trommer på Mika sine studioinnspelingar og turnear.[12] Samarbeidet med Mika førte til opptredenar på Good Morning America, The Tonight Show with Jay Leno, Jimmy Kimmel Live, South by South West, Coachella Valley Music and Arts Festival, Fuji Rock Festival, Glastonbury Festival og V Festival.[13] I denne tida spelte ho trommer ved Paralympics 2008 i i Beijing under avsluttingsseremonien, i eit spesialskrive stykke av Philip Sheppard som blei framført ved Beijing National Stadium. Denne hendinga blei vist for 1,5 milliardar TV-sjåarar.[14][15][16]
I 2012 byrja Osei å arbeida med Bryan Ferry og Paloma.[9][17][18] Ho deltok med desse artistane på Late Night with David Letterman og The Tonight Show with Jay Leno.[12][19]
I 2016 blei Osei med i gruppa Simple Minds for den «akustiske fasen» deira, og spelte inn albumet Acoustic med dei.[20][21] Tidleg i 2017 la Simple Minds ut på turne i Australia og New Zealand, trommeslagaren Mel Gaynor sin siste turne med gruppa før Osei blei med att på ein forenkla, akustisk turne resten av året.[22][23][24] Osei spelte på tre spor på albumet Walk Between Worlds frå 2018, som blei spelt inn før, under og etter den akustiske turneen og utgjevinga av Acoustic), og blei med i bandet som fast trommespelar til promosjonsturneen.[25][26] Denne turnen byrja i Glasgow i Skottland og omfatta dei første opptredenane til gruppa i Nord-Amerika på fem år. Turneen blei rosa: The Guardian meinte bandet høyrdest moderne ut og tilført energi.[27][28] Gjennom 2019 spelte Simple Minds inn spor til eit nytt album med Osei, med planlagd utgjeving i 2021.[29]
I 2019 blei Osei med Kelly Jones på den tredje soloturneen hans.[30] Den fyrste opptredenen hennar med Jones fann stad 1. juni i Usher Hall i Edinburgh i Skottland.[31]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.