Walk Between Worlds

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Walk Between Worlds er det 18. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 12. september 2020 på BMG Rights Management.[8][11][12]

Meir informasjon Simple Minds-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Besetninga i Simple Minds var gått gjennom endringar før innspelinga av Walk Between Worlds. Etter ein periode der dei var relativt stabile sidan tidleg i 2000-åra, var berre vokalisten Jim Kerr, gitaristen Charlie Burchill og bassisten Ged Grimes att frå det førre studioalbumet, Big Music.

Det var det første albumet sidan Cry i 2002 utan klaverspelaren Andy Gillespie, som slutta i bandet tidleg i 2017. Den mangeårige trommeslagaren Mel Gaynor spelte på ni av spora på albumet, men slutta før bandet la ut på turné i 2018.

Gordon Goudie spelte akustisk gitar på fire spor. Goudie hadde òg spelt på fleire av albuma til Simple Minds sidan Neon Lights i 2001. Sarah Brown var korvokalist på mange av songane. Perkusjonisten Cherisse Osei spelte på tre songar og var trommeslagar for den påfølgjande turneen. Catherine AD, som òg går under namnet The Anchoress song korvokal på to songar og spelte klaverinstrument på turneen, men slutta brått i bandet under turnen.

Med på albumet var òg Peter-John Vettese, som spelte piano på to spor og arrangerte strykeorkesteret på ein song. Vettese hadde tidlegare spelt på albumet Real Life i 1991.

Heile Walk Between Worlds vart framført på sju av konsertane i Europa i februar 2018.

Remove ads

Mottaking

Walk Between Worlds fekk generell god kritikk frå musikkpressa. Nettsida Metacritic har ein score på 70 av 100 basert på ni utvalde meldingar..[8][11][13]

Innhald

Alle spora skrivne av Jim Kerr og Charlie Burchill, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Jim Kerr – solovokal
  • Charlie Burchill – gitar, klaverinstrument, programmering
  • Ged Grimes – bassgitar
  • Mel Gaynor – trommer, perkusjon (på «Walk Between Worlds»)
  • Cherisse Osei – trommer (på «Sense Of Discovery»), perkusjon (på «Sense Of Discovery» og «Dirty Old Town»)
  • Sarah Brown – ekstra solovokal (på «In Dreams»), korvokal (på «Magic», «The Signal and the Noise», «Barrowland Star», «Walk Between Worlds», «Sense of Discovery», «Angel Underneath My Skin» og «Dirty Old Town»)
  • Gordy Goudie – akustisk gitar (på «Summer», «Utopia», «Barrowland Star» og «Dirty Old Town»)
  • Catherine AD aka The Anchoress – korvokal (på «Utopia» og «Angel Underneath My Skin»)
  • Peter-John Vettese – piano og strykearrangement (på «Barrowland Star»)
  • Owen Parker – klaverinstrument, programmering (på «Summer» og «Sense Of Discovery»)
  • Andy Wright – korvokal (på «Summer», «Sense Of Discovery» og «Angel Underneath My Skin»), produsent (på alle songane)
  • Hatty Parker og Emily Parker – ekstra korvokal (på «Sense of Discovery»)
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (2018), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads