From Wikipedia, the free encyclopedia
Drone er eit luftfartøy som kan vera fjernstyrt eller manøvrera sjølv.[1] Det finst både militære og sivile dronar, og dei har mange utformingar og bruksområde Militære dronar vert brukte til å samla etterretning av militær relevans og å bera og avfyra våpen, utan å risikera livet til eigne soldatar. Sivile dronar vert til dømes brukte til hobbyfotografering og kommersielle videoproduksjonar. Skiljet mellom sivile og militære dronar er uklart. Militære føretak er i dag leiande i utviklinga av droneteknologi, men leverer i tillegg til den miitære marknaden òg til det sivile. Fleire sivile føretak leverer òg dronar og droneteknologi til den militære marknaden.
I Noreg er det forbode å flyga med dronar i nærleiken av flyplassar. Minsteavstanden er fem kilometer utan spesielt løyve frå tårnet. Årsaka er faren for at dronane kan treffe fly under opp- og nedstigning.[2] Frykta er ekstra stor for at dei kan sugast inn i flymotorar, der dei lett brennbare litium-polymerbatteria til dronane kan føra til brann.[3][4][5][6][7][8][9]
Dronar vart først brukte under den fyrste verdskrigen, og fram til andre verdskrigen vart dei brukte til å trena skyttarar på luftvernartilleri.
Veksten i den militære nytta av dronar kan illustrerast med krigen i Irak: I 2002 brukte amerikanske styrkar rundt 200 dronar, eit tal som hadde vakse til rundt 3 200 i 2007.[10]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.