Gironde (oksitansk: Gironda, poitevin-saintongeais: Jhirunde) er eit departementet sørvest i Frankrike ved kysten av Biscayabukta. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elvemunningen med same namn.

For elvemunningen med same namn, sjå elvemunningen Gironde
Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Gironde
Våpenskjoldet til Gironde
Plassering
Plasseringa til Gironde i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 33
Region: Aquitaine
Préfecture: Bordeaux
Sous-préfectures: Blaye
Langon
Lesparre-Médoc
Libourne
Arrondissement: 5
Kantonar: 63
Kommunar: 542
Président du conseil général: Philippe Madrelle
Statistikk
Folketal Rangering 9.
 -1999 1 287 334
Folketettleik: 129/km²
Landareal¹: 10 000 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike
Lukk

Historie

Gironde er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Guyenne og Gascogne.

Frå 1793 til 1795 vart namnet på departementet endra til Bec-d'Ambès for å unngå og verte assosiert med revolusjonspartiet Girondinarane.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Lot-et-Garonne, Dordogne, Charente og Charente-Maritime, i tillegg til Atlanterhavet i vest. Med eit areal på 10 000 km² er Gironde det største departementet i den europeiske delen av Frankrike.

Området er kjent for stranda Côte d'Argent, som er den lengste i Europa, og som trekkjer til seg mange surfarar til Lacanau kvart år.

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Girondins.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gironde


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.