From Wikipedia, the free encyclopedia
Ian Gillan (fødd 19. august 1945) er ein engelsk rockevokalist og låtskrivar, mest kjend som songar og tekstforfattar i Deep Purple.[1] I løpet av karrieren sin har Gillan òg fronta sitt eige band og song eitt år som vokalist i Black Sabbath. Han song òg rolla som Jesus i den originale innspelinga av Andrew Lloyd Webber sin rockeopera Jesus Christ Superstar. I dei beste åra sine var Gillan kjend for den vokalmessige spennvidda på heile fem vokalar, særleg dei høge tonane i songen «Child In Time».
Ian Gillan | |||
Ian Gillan på scenen med Deep Purple i Tyskland, juli 2022 | |||
Fødd | 19. august 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chiswick i London i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | |||
Instrument | vokal, munnspel, Perkusjon, gitar, piano, trommesett | ||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | earMUSIC, Island Records | ||
Verka som | songar, låtskrivar, musikar | ||
Prisar | Æresordenen |
Som 16-åring starta han det første bandet sitt, The Moonshiners, men berre få veker etterpå, i oktober 1962 slutta han skulen og vart med i bandet The Javelins. I åra som følgde jobba han hardt som musikar i band som Wainwrights Gentlemen og Episode Six, der han møtte bassisten Roger Glover første gongen. I 1969 fekk Ritchie Blackmore høyre om Gillan, og henta han til Deep Purple, som var på leit etter ein ny vokalist. Roger Glover vart med på lasset som ny bassist i Deep Purple.
I 1973 forlét Gillan Deep Purple, mykje på grunn av gnissingar mellom han og gitarist Blackmore, og tok ein kort pause frå profesjonell musikk før han danna Ian Gillan Band i 1975. Den tidlege stilen hans hadde eit klårt islett av jazzrock som viste seg å vere mindre populært, og han vart erstatta i 1977 med ein meir kraftfylt hardrock-stil då Gillan skifta ut fleire medlemmar i bandet og forkorta namna til gruppa til beintfram Gillan.
I 1982 vart banda oppløyst då Gillan måtte kvile etter skadar på stemmebanda. I 1983 vart han ny vokalist i Black Sabbath for albumet Born Again og ein påfølgjande turné, før han vart med i eit gjenforeint Deep Purple i 1984.
Etter to studioalbum og éit konsertalbum fekk Gillan sparken frå Deep Purple i 1989, og den tidlegare Rainbow-vokalisten Joe Lynn Turnar overtok jobben. Gillan gav ut éit soloalbum før resten av Deep Purple overtalte Ritchie Blackmore til å ta Gillan inn i varmen att.
I 2006 kom Gillan ut med eit prosjekt som dokumenterer den 40-årige karrieren hans, kalla Gillan's Inn. Både Tony Iommi, fleire medlemmar av Deep Purple og mange andre er ein del av dette DVD-prosjektet.
Tala syner til høgaste plassering i Storbritannia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.