Marianegropa er verdas djupaste djuphavsgrop. Marianegropa ligg vest i Stillehavet, aust og søraust for Marianane,[1] på 11°21′ N 142°12′ Ø, nær Guam. Gropa markerer også grensa der to tektoniske plater møtest; Stillehavsplata vert her pressa under den filippinske plata.

Thumb
Marianegropa i Stillehavet.

Den største djupna i Marianegropa er Challengerdjupna, 11 034 meter under havflata. Denne djupna er langt større enn høgda til Mount Everest over havet. Djupa vart danna då Stillehavsplata vert pressa under den filipinske plata.

Thumb
«USS Trieste» før dykkinga i Marianegropa.

Det lengste menneske har kome ned i gropa er 10 927 meter. Rekorden vart satt av den amerikanske oppdagaren Victor Vescovo i ein mini-ubåt i mai 2019.[2]

Ekspedisjonen til Don Walsh og Jacques Piccard var dei første som dykka ned i gropa, i ein batyskaf (spesial-ubåt) kalla «USS Trieste». Dei nådde 10 916 meter ned den 23. januar 1960.[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.