Jacques Piccard
sveitsisk ingeniør From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jacques Ernest Jean Piccard (fødd 28. juli 1922 i Brussel i Belgia, død 1. november 2008 i La Tour-de-Peilz i Sveits) var ein sveitsisk oseanograf, djuphavsforskar, oppdagar og ingeniør. Han er kjent for å ha utvikla undervassfartøy som vart nytta for å utforske havstraumane.

Han var ein av to personar som så langt (2011) har vore på det djupaste punktet i havet, 10 916 meter nede i Challengerdjupet i Marianergropa. Saman med den amerikanske løytnanten Don Walsh, tok han seg dit den 23. januar 1960 i undervassfartøyet USS «Trieste». Bragda vart på denne tida rekna som eit ledd i det teknologiske kappløpet mellom supermaktene USA og Sovjetunionen.[1]
Han var son av forskaren Auguste Piccard og far til psykiater Bertrand Piccard.
Remove ads
Verk
- Jacques Piccard og Robert S. Dietz: Seven Miles Down, Putnam, 1961
- Jacques Piccard: The Sun Beneath the Sea, Scribner, 1971. ISBN 0684311011.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads