Molde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Molde er ein by og administrasjonssenteret i Molde kommune i Møre og Romsdal. Byen ligg på nordsida av Moldefjorden, ei fjordstrekning i den opne, breie delen av Romsdalsfjorden, innanfor Otrøya. Tettstaden Molde omfattar det gamle bysentrumet og byggefelta rundt byen, og har 21 854 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Molde | |||
by | |||
Molde sett frå Moldefjorden | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Molde | ||
Areal | 9,34 km² | ||
Folketal | 21 854 (2023) | ||
Folketettleik | 2 340 / km² | ||
Postnummer | 6400 MOLDE | ||
Innbyggjarnamn | moldensar, molding | ||
Preposisjon | i / på Molde | ||
Molde 62.7375°N 7.16305556°E / 62.7375; 7.16305556 |
Close
I Molde ligg fylkesadministrasjonen i Møre og Romsdal. Byen er også sete for statsforvaltaren og har fleire fylkeskommunale og statlege institusjonar. Molde har regionalt sjukehus og regionteater. Det ligg fleire vidaregåande skolar i byen. Høgskolen i Molde har avdelingar for økonomi, informatikk, samfunnsfag og helse- og sosialfag. Molde er bispesete for Møre bispedømme.