From Wikipedia, the free encyclopedia
Papegøyefuglar eller papegøyar, Psittaciformes, er ein biologisk orden av nær 400 fugleartar spreidd i dei fleste varme og tropiske område. Det største mangfaldet av papegøyar finn vi i Sør-Amerika og i Australasia.
Papegøyefuglar | |
Grønbrystlori Vini australis | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av papegøyefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Psittacimorphae |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Infraorden: | Papegøyefuglar Tetanurae Wagler, 1830 |
Dei karakteristiske trekka ved papegøyefuglar inkluderer eit sterkt krumma nebb, oppreist haldning, kraftige bein og klør. Beina har to tær framover og to bakover (zygodaktyl). Dei fleste parakittar har grøn farge som basis i fjørdrakta, blanda med andre klåre farger, og somme artar har fleirfarga basis. Kakaduer har farger som spenner frå mest kvitt til mest svart, og har ein fjørtopp på hovudet som dei kan reise opp. Dei fleste papegøyar er monomorfiske eller dei syner minimal kjønnsdimorfisme. Dei nolevande artane varierer i storleik frå dvergspettepapegøye, på under 10 gram 8 cm i lengd, til hyasintara på 1,0 meter i lengd, og kakapo på 4 kg i vekt. Om ein ser på kroppslengda, er papegøyefuglar den fugleorden som har størst variasjon av alle ordenar.
Dei vektigaste ingrediensane i dietten åt dei fleste papegøyar er frø, nøtter, frukt, knoppar og anna plantematerialar, og nokre få artar et også insekt og smådyr. Loriar er spesialiserte til å hauste nektar frå blomar, og frå mjuke frukter. Nesten alle papegøyar hekkar i hole tre, legg kvite egg og får ungar som er hjelpelause når egga er klekt.
Saman med fuglane i kråkefamilien, er papegøyefuglar nokre av dei mest intelligente fuglar. Eigenskapen som somme papegøyeartar har til å imitere menneskestemmer forsterkar populariteten som kjæledyr. Førekomsten av papegøyar er svekka grunna fangst og handel med fuglar, jakt, tap av habitat og konkurranse frå artar som er ført inn i habitata deira.[1] I den seinare tida har det vore sett inn tiltak for å verne leveområde for nokre høgprofilerte karismatiske papegøyeartar, dette har òg gjeve vern for mindre kjente artar i økosystemet.[2]
Det var tidlegare vanleg å dele inn papegøyefuglar i to familiar, parakittar, Psittacidae, eller ekte papegøyar og kakaduer, Cacatuidae. Frå 2012 blei dei tre artane på New Zealand, kea, kaka og kakapo isolert i ein ny familie kakapofamilien, Strigopidae. Frå 2014 tok Clementslista med enda eit nytt familietakson, med referanse til mellom anna ein publikasjon av Joseph et al. (2012).[3] Namnet på det nye taksonet er Psittaculidae, og samlar parakittar i «den gamle verda», slik at alle amerikanske papegøyar og to parakittslekter i Afrika står att i Psittacidae.[4]
Oversyn med namn på takson på familienivå og underfamilienivå:[5][6]
Mangfaldet innanfor Psittaciformes funne i Sør-Amerika og Australasia ymtar om at ordenen kan ha utvikla seg i Gondwana, sentrert i Australasia.[10] Mangelen på papegøyar i fossilregisteret gjev likevel vanskar med å stadfeste hypotesen. Det er for tida eit høgare tal fossile restar frå den nordlege halvkula i tidleg kenozoikum. Molekylære studiar tyder på at papegøyar utvikla seg for omtrent 59 millionar år sidan (område 66–51) i Gondwana. Dei neotropiske papegøyane er monofyletiske, og dei tre hovedkladene oppstod rundt 50 millionar år sidan (område 57–41).[11]
Det blir antekne generelt at Psittaciformes eksisterte under krit-tertiær-utryddinga, 66 millionar år tilbake i tid. Dei var sannsynlegvis fuglar som generelt levde i tre, og hadde ikkje dei spesialiserte knusenebba som moderne papegøyar har.[12] Genomisk analyse gjev sterke bevis på at papegøyar er søstergruppa til sporvefuglar, og dannar kladen Psittacopasserae, som igjen er søstergruppa til falkefuglar.[13]
Dei første ukontroversielle papegøyefossila blir daterte til det tropiske eocen Europa rundt 50 millionar år sidan.
Dei tidlegaste registreringane av moderne papegøyar blir daterte til rundt 23–20 millionar år sidan. Fossilregisteret – hovudsakleg frå Europa – består av bein som tydeleg kan kjennast igjen som tilhøyrande anatomisk moderne papegøyar. Den sørlege halvkula inneheld ingen kjende papegøyeliknande restar tidlegare enn tidleg miocen rundt 20 millionar år sidan.[14]
Dei mest framheva trugsmåla mot papegøyar er jakt for matauk og for å få tak i fjører, samt tap og degradering av leveområde. I tillegg kjem trugsmåla frå handel med ville fuglar.[15] I somme område blir papegøyar forfølgde fordi dei gjer skade for landbruket. For ei tid tilbake tilbaud Argentina skotpremie på munkeparakittar av den grunn, noko som resulterte i at hundretusenvis av fuglar vart drepne, sjølv om dette tilsynelatande ikkje påverka den totale populasjonen i stor grad.[16]
Papegøyar, som er hòlromshekkarar, er sårbare for tap av hekkeplassar og for konkurranse frå introduserte artar på desse stadene. Tap av passande tre for hekking er eit spesielt problem i nokre område, spesielt i Australia, der trea må vere særleg gamle. Mange papegøyeartar finst berre på øyar og er sårbare for introduserte artar som rotter og villkattar, sidan dei manglar den passande antipredatoråtferda som er nødvendig for å handtere rovdyr.[17] Øyartar, som puertoricoamazon, som har små bestandar i avgrensa habitat, er også sårbare for naturlege hendingar, som orkanar.[18] På grunn av avskoging er puertoricoamazon ein av dei sjeldnaste fuglane i verda trass i vernearbeid.[19]
Fleire prosjekt retta spesielt mot vern av papegøyar har vore vellykka. Flytting av attlevande individ av den sårbare kākāpō til sikre område, etterfølgd av intensiv forvaltning og tilleggsfôring, har auka bestanden frå 50 individ til 123 i 2010.[20] I Ny-Caledonia vart uveaparakitten truga av fangst for burfuglhandel og tap av habitat. Samfunnsbasert vern, som eliminerte trugsmåla frå krypskyting, har tillate bestanden å auke frå rundt 600 individ i 1993 til over 2000 individ i 2009.[21]
Frå og med 2009 anerkjenner IUCN 19 artar av papegøyar som utrydda etter år 1500, eit årstal som er brukt for å karakterisere start av utryddingar i historisk tid.[22] Dette inkluderer ikkje arten diademlori (Vini diadema), som har siste stadfesta observasjon i 1913, men som framleis er oppført som kritisk truga.[23]
Handel, eksport og import av alle villfanga papegøyar er regulerte og berre tillatne under spesielle lisensierte omstende i land som er part i Convention on International Trade of Endangered Species (CITES) som tredde i kraft i 1975 for å regulere internasjonal handel med alle truga, viltfanga dyre- og planteartar. I 1975 vart 24 papegøyeartar inkluderte i vedlegg I, og dermed forbaud kommersiell internasjonal handel med desse artane. Sidan den første oppføringa har framhaldne trugsmål frå internasjonal handel ført til at ho la til 32 papegøyevariantar til til vedlegg I.[24] Alle andre papegøyeartar, bortsett frå rosenhovuddvergpapegøye (Agapornis roseicollis), undulat (Melopsittacus undulatus), nymfekakadu (Nymphicus hollandicus) og halsbandparakitt (Psittacula krameri), som ikkje er inkludert i vedlegga, er verna på vedlegg II til CITES.[25][26] I tillegg kan enkelte land ha lovar for å regulere handel med visse artar; til dømes har EU forbode handel med papegøyar,[27] medan Mexico har eit lisensieringssystem for å fange papegøyar.[28]
19 artar i ordenen papegøyefuglar er klassifiserte som kritisk truga, CR, av Verdas naturvernunion IUCN.[5][6][note 1] I tillegg er brilleara, utrydda i vill tilstand.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.