Araer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ara er eit samnamn på til saman ca. 16 artar neotropiske parakittar, fordelt over seks slekter. Ei av slektene er Ara. Araer er små til store, ofte fargerike papegøyar. Av dei mange slektene i Psittacidae, parakittar, har medlemmene i følgjande slekter fått dette samnamnet på norsk: Anodorhynchus, Cyanopsitta, Ara, Orthopsittaca, Primolius og Diopsittaca. Araer lever ville i Mexico, Mellom-Amerika, Sør-Amerika, og tidlegare i Karibia. Dei fleste artane er knytt til skog, spesielt regnskogane, men andre føretrekker skog eller savanne-liknande habitat.[1]
Dei har stort, mørkt, vanlegvis svart nebb, og ein relativt fjørlaus, lys flekk i andletet er karakteristisk for araer. Nokre gonger er flekken mindre hos einskilde artar, og kan vere avgrensa til ein gul lapp rundt auga, og hos andre går flekken til nær nebbrota som blant medlemmene av slekta Anodorhynchus, eller hyasintara. Ein ara sitt andletsuttrykk i fjørmønster er like så unikt som eit fingeravtrykk.[2]
Nokre av ara-artane er kjente for storleiken. Den største araen i lengd og vengespenn er hyasintara. Den tyngste araen er gladiatorara, men den tyngste papegøyen er kakapo, men er utan evne til å flyge. Som relativt store papegøyar, er araer av slektene Cyanopsitta, Orthopsittaca og Primolius likevel monaleg mindre enn medlemmene av Anodorhynchus og Ara. Den minste araen, dvergara, Diopsittaca nobilis, er ikkje større enn nokre av parakittane i slekta Aratinga.[1]
Araer, som alle andre papegøyar, tukanar og hakkespettar, har zygodactyle føter, det vil seie at første og fjerde tåa peikar bakover.[1]
Remove ads
Artslista
Araer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
- Hyasintara, Anodorhynchus hyacinthinus, Hyacinth Macaw
- Indigoara, Anodorhynchus leari, Indigo Macaw
Cyanopsitta
- Brilleara, Cyanopsitta spixii, Spix's Macaw
- Raudøyreara, Ara rubrogenys, Red-fronted Macaw
- Brunpanneara, Ara severus, Chestnut-fronted Macaw
- Soldatara, Ara militaris, Military Macaw
- Gladiatorara, Ara ambiguus, Great Green Macaw
- Grønvengara, Ara chloropterus, Red-and-green Macaw
- Raudara, Ara macao, Scarlet Macaw
- Blågulara, Ara ararauna, Blue-and-yellow Macaw
- Blåstrupeara, Ara glaucogularis, Blue-throated Macaw
Orthopsittaca
- Rustbukara, Orthopsittaca manilata, Red-bellied Macaw
Primolius
- Raudbukara, Primolius maracana, Blue-winged Macaw
- Blåhovudara, Primolius couloni, Blue-headed Macaw
- Gulnakkeara, Primolius auricollis, Yellow-collared Macaw
Diopsittaca
- Dvergara, Diopsittaca nobilis, Red-shouldered Macaw
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads