Piotr Lisek (fødd 16. august 1992) er ein polsk friidrettsutøvar frå Duszniki som tevlar i stavhopp. Han vann sølvmedaljen i VM 2017 og tok bronse i VM 2015 så vel som i VM 2019. Lisek er polsk rekordhaldar i øvinga med 6,02 meter.

Kjappe fakta
Piotr Lisek

Thumb

StatsborgarskapPolen
Fødd16. august 1992 (32 år)
Duszniki
Idrettfriidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2016 – Stavsprang menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Stavsprang menn
Utmerkingar Medalje for 100-årsjubileet for å gjenvinne uavhengighet
Lukk

Aktiv

Doping

Lisek testa ved den polske friidretts-meisterskapen i juni 2012 positivt på metylheksanamin og vart utestengd frå idrett i seks månader.

Meisterskap og rekordar

Lisek vart sjettemann i europameisterskapen 2014 med 5,65 meter. Året etter tok han han seg over 5,80 m i fyrste forsøk då VM fann stad i Beijing, det same gjorde landsmannen Paweł Wojciechowski og franske Renaud Lavillenie, alle tre fekk ein bronsemedalje. I 2016 enda Lisek på fjerdeplass både i europameisterskapen og i sommarleikane.

Ved verdsmeisterskapen 2017 i London gjorde Lisek personbeste med 5,89 m og kneip sølvmedaljen framom Reynaud Lavillenie, verdsmeister vart Sam Kendricks frå USA med 5,95 m. Den 1. august 2018 sette Lisek i Wittenberg polsk rekord med 5,94 meter. I juli 2019 forbetra han rekorden til 6,01 m ved DL-stemnet i Lausanne. Berre få dagar seinare, den 12. juli, svinga han seg over 6,02 meter då han sigra ved DL-stemnet i Monaco.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.