Renaud Lavillenie

From Wikipedia, the free encyclopedia

Renaud Lavillenie
Remove ads

Renaud Lavillenie (fødd 18. september 1986) er ein fransk friidrettsutøvar har vore som tevla i stavhopp. Han vann gullmedaljen i EM 2010, 2012, 2014 og vart olympisk meister i 2012. I dei fem verdsmeisterskapane 2009-17 tok han fire bronsemedaljar og ein sølvmedalje. 15. februar 2014 i Donetsk sette han innandørs verdsrekord med 6,16 meter. Frå 2009 til -17 vann han seks gullmedaljar i internasjonale innandørsmeisterskap.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

I 2007 forbetra Lavillenie sine personlege rekordar til 5,58 m innandørs og 5,45 utandørs. Han fekk sitt gjennombrot i 2009, då han vann gullmedaljen i innandørs-EM i Torino etter eit hopp på 5,81 m. I juni 2009 gjekk han over 5,96 i eit stemne i Clermont-Ferrand, og under EM for lag 2009 i Leiria ei veke seinare sigra han og sette ny personleg rekord med eit hopp på 6,01 meter. Det var samstundes ei forbetring av den franske rekorden til Jean Galfione med tre centimeter.

Lavillenie vart europameister i 2010 og forsvarte EM-tittelen i 2012. Ein månad etter EM 2012 vart han olympisk meister i London, begge gongane svinga han seg over 5,97 meter og klarde dermed ei høgde meir enn tyske Björn Otto, som begge gongane var hans sterkaste konkurrent. Den 27. juli 2013 forbetra Lavillenie sin personlege rekord til 6,02 m. Under VM 2013 i Moskva stoppa Lavillenie på 5,89 m og vart overraskande slått av Raphael Holzdeppe frå Tyskland, som gjekk over same høgda i eit tidlegare forsøk.

Den 15. februar 2014 sette Lavillenie innandørs verdsrekord med 6,16 m under ei tevling i Donetsk og sletta dermed Serhij Bubka sin rekord, som vart sett i same hallen 21 år tidlegare. Under EM i friidrett 2014 i Zürich vann Lavillenie sin tredje strake EM-tittel.

Thumb
Lavilleneie under den franske friidrettsmeisterskapen 2013

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads