From Wikipedia, the free encyclopedia
Powhatan – også kalla Virginia-algonkinsk (engelsk Virginia Algonquian, Virginia Algonkian) – er det tidlegare språket til powhatan-renape-nasjonen (engelsk The Powhatan Renape Nation).[1] Powhatan høyrer til den austalgonkinske greina av dei algonkinske språka. Det har vore uklårt kva tid språket gjekk av bruk, og Thomas Jefferson hevda at powhatan-folket «lost their language» 'miste språket sitt' på 1700-talet, men det er no kjent at språket til ein viss grad blei nytta eit godt stykke inn på 1800-talet.[2] Powhatan er mellom anna kjent som morsmålet til Pocahontas (eigentleg heitte ho Matoaka), dotter til hovdingen Wahunsenacawh (d. 1618), som gifta seg med europearen John Smith.
Powhatan | ||
Klassifisering: | Algisk Algonkinsk Austleg | |
Bruk | ||
Utdøydd: | Rundt 1800 | |
Skriftsystem: | Latinsk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | pim | |
På grunn av to ordlister, skrivne av kaptein John Smith (ca. 1580–1631) (Smith 1624/1997) og William Strachey (1572–før 21. juni 1621) (Strachey 1624/1849/1999), er powhatan betre dokumentert enn dei fleste andre av dei utdøydde sørlege aust-algonkinske språka. Særleg er ordlista til Strachey veldig innhaldsrik. Som Frederic W. Gleach skriv i føreordet til 1999-utåva av Strachey (1624/1849/1999), er det vanskeleg å nytte desse ordlistene utan solid kjennskap til aust-algonkinske språk, for både Smith og Strachey hadde store problem med å uttrykkje lydsystemet i powhatan gjennom den engelske ortografien. Det er likevel ikkje vanskeleg å sjå likskapen med andre algonkinske språk; her er nokre få powhatan-ord frå Strachey (1624/1849/1999) jamførte med prærie-cree:
William Strachey 1624 | Prærie-cree |
amonsoquath, momonsacqweo bear | maskwa bjørn |
mawhcasuns shoes | maskisin mokasin |
attemous, attomois dog | atim 'hund' |
muskiendguk eye | miskīsik 'auga' |
woskan, wousckan a bone | oskan 'bein, knokkel' |
Powhatan-folket budde i dei austlege delane av det som no er den amerikanske delstaten Virginia då engelskmenn etablerte seg i Jamestown i Virginia-kolonien i 1607, og difor har engelsk fleire lånord frå powhatan. Somme av dei har òg kome inn i norsk. Her er nokre døme; i venstre kolonne står orda i den forma dei har i Strachey (1624/1849/1999):
William Strachey 1624 | Moderne engelsk | Norsk |
tamahaac, tamohake hatchet | tomahawk | tomahawk |
mawhcasuns shoes | moccasin | mokasin |
pushenims, pichamnis a plum is very delicious when it is ripe; an excellent plum | persimmon | (daddelplomme) |
aposon beast in bigness like a pig and in taste alike | opossum | opossum (virginiapungrotte) |
arathkone beast like a fox | raccoon | (vaskebjørn) |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.