britisk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Stephen Richard «Steve» Hackett (fødd 12. februar 1950)[1] er ein britisk songar, låtskrivar og gitarist. Han vart kjend som medlem av den britiske progrockgruppa Genesis, som han spelte i frå 1970 til han slutta i 1977 for å starta ein solokarriere. Hackett medverka på seks studioalbum med Genesis, tre konsertalbum og sju singlar.[2]
Steve Hackett | |||
Steve Hackett på konsert i Braunschweig i Tyskland i 2005. | |||
Fødd | 12. februar 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Pimlico i London i England | ||
Fødenamn | Stephen Richard Hackett | ||
Alias | Steve Hackett | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock, klassisk musikk, blues, poprock | ||
Instrument | Gitar, munnspel, vokal, klaverinstrument, bass | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul | ||
Plateselskap | Charisma, Camino, Chrysalis (US), Epic (US), Gramy, Lamborghini, Start, Wolfwork, Blue Plate/Caroline (US), InsideOut | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, plateprodusent |
I 1986 var Hackett med på å starte supergruppa GTR med gitaristen Steve Howe frå Yes og Asia. Gruppa gav ut eit album kalla opp etter bandet, og dette nådde 11. plass på Billboard 200 i USA og gav dei hitsingelen «When the Heart Rules the Mind».[1] Då Hackett forlét GTR i 1987 vart bandet oppløyst.
Etter å ha slutta i GTR fortsette Hackett solokarrieren sin og har gjeve ut album og turnert fast sidan den gong. Han har vore innom mange musikkstilar som progressiv rock, verdsmusikk og klassisk. Spelestilen hans har inspirert gitaristar som Eddie Van Halen, Alex Lifeson[3] og Brian May.[4] Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.