From Wikipedia, the free encyclopedia
Two Against Nature er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan. Det var det første studioalbumet deira på 20 år og vart spelt inn frå 1997 til 1999[1] og gjeve ut 29. februar 2000 på Warner Bros. Records.[2]
Two Against Nature Studioalbum av Steely Dan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. februar 2000 | |
Innspelt | 1997–99 | |
Sjanger | ||
Lengd | 51:25 | |
Selskap | Giant | |
Produsent | ||
Steely Dan-kronologi | ||
---|---|---|
Alive in America (1995) |
Two Against Nature | Plush TV Jazz-Rock Party (2000)
|
Singlar frå Two Against Nature | ||
|
Two Against Nature fekk god kritikk og vann fire Grammyprisar: Årets album, beste popvokalalbum, beste lyd innan ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal (for singelen «Cousin Dupree»). Albumet selde òg godt og nådde sjetteplassen på den amerikanske Billboard 200-lista. I alt selde det meir enn éin million eksemplar,[3] og gav gruppa ei platinaplate i USA.[4]
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 77/100[2] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
Entertainment Weekly | A[6] |
The Guardian | [7] |
Los Angeles Times | [8] |
NME | 7/10[9] |
Pitchfork | 1.6/10[10] |
Q | [11] |
Robert Christgau | A[12] |
Rolling Stone | [13] |
Uncut | [14] |
Two Against Nature vart møtt med god kritikk då det kom ut.[15] På Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100 basert på profesjonelle meldinga, har albumet oppnådd 77 poeng av 100, basert på 13 meldingar.[2] I mars 2000 applauderte Robert Christgau for The Village Voice musikken på albumet som eit glimrande «rockecomeback» og ein «meir spretten, surare, vanskelegare og mindre beroligande» utgåve av jazzpopen frå albumet deira Aja frå 1977, og skildra det som «postfunk». Tematisk fann han sameinga av oppdikta, men openbarande forteljingar om «skitne gamle menn» som søker «validering» og «spaning» i sexliva sine, som er «fulle av hissige forelskingar og tilfeldige grufulle, eigenintersserte og sjølvhatande handlingar, og vonde syklusar som bles varmt eller kaldt».[16] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic likte den «skarpe humoren» i tekstane, men var særskild imponert over «djupna og karakteren» i musikken, då han observerte «nesten endelause permuteringar i signaturstilen deira».[5] Pitchfork-skribenten Brent DiCrescenzo hadde ei anna meining og avskreiv songane som «lange og vanskelege å skilje frå kvarandre» og «glansfarga bop-pop» som indikerte at Steely Dan mangla «sjel».[10]
Under Grammyprisutdelinga i 2001 vann Two Against Nature Steely Dan fire prisar: for årets album, beste popvokalalbum, beste lyd for ikkje-klassisk musikk og beste popsong av ei ein duo eller ei gruppe (for singelen «Cousin Dupree»). Bandet var i alle kategoriane i konkurranse med yngre, meir populære artistar, som NSYNC, Britney Spears, Radiohead, Beck og Eminem. I følgje Stereogum-skribenten Zach Schonfeld representerte suksessen til Steely Dan på Grammy-utdelinga «ein hemn for babyboomerar» og bidrog til harme frå yngre lyttarar mot bandet: Synet av to sjølvtilfreds jazzrocknørdar som henta ein Grammy frå Stevie Wonder medan Radiohead og Beck drog heim utan nokre prisar er med på å forklare kvifor så mange Generasjon X-folk og eldre millennials voks opp med å hate Steely Dan og Grammys like mykje. Det er unødvendig å sei at dei elliptiske karakterstudiane til Steely Dan sett til «sleazy» yacht rock, ikkje talte til misnøgd, amerikansk ungdom på same måte som, til dømes The Marshall Mathers LP gjorde.»[17]
Steely Dan marknadsførte albumet med ein turné i Nord-Amerika, Europa og Japan. Turneen vart ein stor suksess og oppmuntra dei til å spele inn albumet Everything Must Go i 2003.[15]
Alle songar er skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Gaslighting Abbie» | 5:53 |
2. | «What a Shame About Me» | 5:17 |
3. | «Two Against Nature» | 6:17 |
4. | «Janie Runaway» | 4:09 |
5. | «Almost Gothic» | 4:09 |
6. | «Jack of Speed» | 6:17 |
7. | «Cousin Dupree» | 5:28 |
8. | «Negative Girl» | 5:34 |
9. | «West of Hollywood» | 8:21 |
Vekeslister
|
Årslister
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.