From Wikipedia, the free encyclopedia
Zichron Ya'akov (hebraisk skrift זִכְרוֹן יַעֲקֹב, tyder «Jacobsminnesmerket», ofte berre korta til Zichron) er ein by i Israel, 35 km sør for Haifa, og ein del av Haifa distrikt. Han ligg ved sørenden av Karmelberget oppom Middelhavet, nær kystvegen (hovudveg 2). Han var ein av dei første jødiske busetnadane i landet, grunnlagd i 1882 av Baron Edmond James de Rothschild og kalla opp etter faren hans.[1]
Zichron Ya'akov | |||
lokal kommune | |||
HaMeyasdim-gata i Zichron Ya'akov | |||
Namneopphav: Jacob-minnesmerke | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°34′15″N 34°57′06″E | ||
Areal | 32,1 km² | ||
Folketal | 18 719 (2009) | ||
Folketettleik | 583 / km² | ||
Grunnlagd | 1882 | ||
Borgarmeister | Eli Abutbul | ||
Zikhron Ya'akov 32.570833333333°N 34.951666666667°E | |||
Kart som viser Zikhron Ya'akov.
| |||
Wikimedia Commons: Zichron Yaacov | |||
Zichron Ya'akov vart grunnlagd i desember 1882 då 100 jødiske pionerar frå Romania, medlemmar av Hovevei Zion-rørsla, kjøpte land i Zammarin.[2] Vanskane med å arbeide den steinete jorda og utbrot av malaria, førte til at mange nybyggjarar flytta før eit år var gått.[2]
I 1883 byrja baron Edmond James de Rothschild å verne busetjinga og la planar om å utvide bustadområde og jordbruksøkonomien. Zichron var ein av dei første jødiske jordbrukskoloniane som kom under vengja til baronen (i lag med Rishon LeZion og Rosh Pinna), som kalla han opp etter faren, James (Ya'akov) Mayer de Rothschild.[1][2]
For å nå det første målet sitt, henta baron de Rothschild inn planleggjarar som teikna og fordelte hus langs hovudvegen. Baronen fekk òg bygd Ohel Ya'akov-synagoga, kalla opp etter faren.[3]
Etter fleire økonomiske nederlag, var Rotschild i 1885 med på å starte opp den første vingarden i ISrael, Carmel Winery, i lag med ein flaskefabrikk, i Zichron Ya'akov. Denne gjorde det betre øknonomisk, sjølv om det vart kortvarig då vindruene vart råka av ein parasitt. Nye drueplanter vart dyrka og vingarden byrja å gå godt. Vingarden er framleis i drift i dag. I 1954 vart leivningane av baron Edmond de Rothschild flytta til Zichron Ya'akov.
Zichron Ya'akov er venskapsby med:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.