Prudence
norsk rockeband From Wikipedia, the free encyclopedia
Prudence var eit rockeband frå Namsos som bestod av Åge Aleksandersen, Terje Tysland, Johan Tangen, Kjell Ove Riseth, Kaare Skevik og Per Erik Wallum. Frode Viken, seinare kjend frå mellom anna DDE var òg innom som bassist i ein liten periode etter at Riseth mista tre fingrar på venstrehanda i ei sagulukke og måtte slutte i bandet, før han vart erstatta av Jan Devik.
Prudence | |||
Alias | Whoopee Choop | ||
---|---|---|---|
Opphav | Namsos i Noreg | ||
Aktiv | 1969–1975 | ||
Sjanger | Rock Progrock | ||
Siste medlemmer | Åge Aleksandersen Terje Tysland Johan Tangen Kaare Skevik Per Erik Wallum (død 1990) Jan Devik | ||
Tidlegare medlemmer | Kjell Ove Riseth | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets gruppe |
Historia
Bandet skifta namn frå Whoopee Choop i 1969 og skapte omgrepet trønderrock då journalisten Bertil Lien frå Adresseavisen spurte dei om det var det dei spelte. Bandet var sterkt inspirert av store internasjonale musikkstjerner på den tida som The Beatles, Bob Dylan, The Band og Jethro Tull. Sjølve bandnavnet var henta fra Beatles-låten «Dear Prudence». «Sawmill», «Mild Grey Fog», «Freezing», «14 pages», «Tomorrow May Be Vanished» og «Æ e trønder æ» er nokre av dei mest kjende songane til bandet.
Inspirasjonen til å skrive eigne tekster fekk Åge Aleksandersen frå læraren og trønderlyrikaren Even Lorch-Falch.[1] Etter brotet var det indre stridar, spesielt mellom Åge Aleksandersen og Terje Tysland som ikkje snakka saman på seks år. Feire av medlemmene starta etterpå solokarriere, fleire med stort hell.
Bandet fekk Spellemannprisen 1975 i klassen pop for albumet Takk te dokk. Bandet vart samla att for ein konsert i 1980 og i 1996 vart dei nok ein gong samla under ei sending av Tore på sporet. Fredag den 23. april 2010 samlast Johan Tangen, Åge Aleksandersen og Kjell Ove Riseth som Prudence igjen for å hylle Per Erik Wallum i Samfunnshuset i Namsos. I tillegg til Prudence vart òg Rollaug og Nabolaget samla for å hylle Wallum. Den 11. november 2011 vart Prudence igjen samla i samband med opninga av Rock City i Namsos.
Medlemmar
- Åge Aleksandersen – vokalist, gitar, låtskrivar (1969-1975, 1980, 1996, 2010, 2011)
- Per Erik Wallum – fløyte, vokalist, munnspel, låtskrivar (1969-1975, 1980)
- Johan Tangen – mandolin, congas (1971-1975, 1980, 1996, 2010, 2011)
- Terje Tysland – trekkspel, piano, vokal, gitar, låtskrivar (1971-1975, 1980, 1996, 2011)
- Kaare Skevik jr. – trommer (1969-1975 1980 1996, 2011)
- Jan Devik – bass (1975)
Tidlegare medlemmar
- Kjell Ove Riseth – bassist (1969-1975 1980, 1996, 2010, 2011)
- Per Formo – gitarist (1969–1970)
- William Hakvaag – gitar, vokal (1970–1971)
- Hans Jacob Busch – gitar (1969)
- Frank Aleksandersen – trommer (197?)
- Frode Viken – bass (1975)
- Sturla Hustad – orgel (1969–1970)
- Jan Erik Moe – gitar (1970)
- Tore Syvertsen – vokalist (1974)
Managerar
- Stein Robert Ludvigsen (1972–1975)
- Finn Johansson – svensk manager (1973–1974)
- Kaare Skevik (1975–1975)
Diskografi
Singlar
- «Into the Fire» / «Kom bli med til København» (singel Experience Records, 1970)
- «Small Things in Life» / «Hairy Fairies» (singel Experience Records, 1971)
- «My New Day» / «The Sky Gets Blue» (singel Experience Records, 1971)
- «What Man Has Made of Man» / «North in the Country» (singel 1972)
- «Drunk and Happy» / «Sitting Bull» (singel 1973)
- «Bells Ringing» / «Bilbo and Frodo» (singel 1974)
- «Æ e Trønder Æ» / «Sommern på Landet» (singel 1975)
Studioplater
- Tomorrow May Be Vanished (LP 1972 CD 1990)
- Drunk and Happy (LP 1973 CD 1990 1995 og 2009)
- No. 3 (LP 1974 CD 1990)
- Takk te dokk (LP 1975 CD 1990)
- The Legendary Prudence Tapes, vol.1 (LP 1992 CD 1992)
Konsertplater
- 11/12-75 (LP 1976 CD 1992/2004)
Samleplater
- If Only Yesterday Could Be Today, Greatest Hits (LP 1976)
- Det det va (CD 2005)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Prudence» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2013.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.