…But Seriously
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
...But Seriously er det fjerde studioalbumet til den engelske trommeslagaren og songaren Phil Collins, gjeve ut den 6. november 1989 i USA på Atlantic Records og 20. november 1989 i Storbritannia på Virgin Records. Etter at Genesis tok ein pause i 1987, fortsette Collins på solokarrieren sin. Han spelte først i filmen Buster før han skreiv og spelte inn ...But Seriously. Albumet hadde ein meir seriøs tone enn det førre albumet hans, No Jacket Required, og fleire av songane hadde eit samfunnsøkonomisk eller politisk tema.
...But Seriously vart ein stor salssuksess verda over og gjekk til topps i Storbritannia og USA i høvesvis 15 og fire veker. Det vart det bestseljande albumet i Storbritannia i 1990 og selde til 2,75 millionar eksemplar er og fire millionar i USA. Den første singelen, «Another Day in Paradise», vann Grammyprisen for årets singel. Collins la ut på verdsturné i 1990. I 2016 vart albumet ommastra og gjeve ut på ny med bonusspor.[1][2]
Remove ads
Musikalsk stil
Medan mykje av albumet følgjer den same formelen som det førre albumet til Collins, No Jacket Required (1985), flytta han seg òg mot ein meir organisk produksjon der han valde å bruke ekte trommer i staden for trommemaskinane som vart mykje brukt på No Jacket Required. Han brukte òg mykje klaverinstrument og elektrisk piano, men mindre synthesizer. Albumet har òg eit instrumentalspor, «Saturday Night and Sunday Morning», som er meir jazzprega.
«Another Day in Paradise» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og vart ein stor internasjonal hit. Songen gjev eit sympatisk blikk på heimlause.[3] Colins vart inspirert til å skrive songen etter å ha vitja Washington, D.C. Der vart han slått over kor mange fattige og heimlause folk som budde der. Han vart òg slått av kor forlatne desse menneska og kor sjølvtilfreds byen verka, trass i at han var hovudstaden i landet.
Ein annan politisk ladd song på albumet er «Colours», der Collins fordømmer segregering og undertrykking av svarte og farga folk i Sør-Afrika under apartheid. Songen er den mest progrockprega songen på albumet (som bandet hans Genesis var kjend for), og var lite kommersiell med ei lengd på nesten ni minutt. Det politiske temaet går òg att i den andre songen på albumet, «That's Just the Way It Is», som omhandlar The Troubles på Nord-Irland. Dette vart ein mindre hit sommaren 1990 og i teksten refererer Collins til den fastlåste situasjonen i dei sekteriske skilnadene i Ulster, mellom anna med linja «If we'd agree that we can disagree, we could stop all of this today.»
Albumet har ein dramatisk gospel-aktig song, «I Wish It Would Rain Down», med Eric Clapton på gitar. Det vart ein av dei største hittane frå albumet. «Father to Son» er ein song der Collins utforskar forholdet til sonen, Simon.
Remove ads
Utgjeving
...But Seriously kom ut 6. november 1989 i USA på Atlantic Records og den 20. november 1989 i Storbritanna på Virgin Records.[4]
Singlar
Seks singlar vart gjeve ut frå ...But Seriously og alle hamna på topp 40 i Storbritannia og USA. I form av talet på hitsinglar er dette det mest suksessrike albumet til Phil Collins.
- «Another Day in Paradise» – USA nr. 1, Storbritannia nr. 2 (1989)[3]
- «I Wish It Would Rain Down» – USA nr. 3, Storbritannia nr. 7 (1990)
- «Something Happened on the Way to Heaven» – US nr. 4, Storbritannia nr. 15 (1990)
- «Do You Remember?» – USA nr. 4 (1990)
- «That's Just The Way It Is» – Storbritannia nr. 26 (1990)
- «Hang in Long Enough» – USA nr. 23, Storbritannia nr. 34 (1990)
I Canada nådde «Another Day in Paradise», «I Wish It Would Rain Down», «Do You Remember?» og «Something Happened on the Way to Heaven» alle toppen av lista, alle i 1990.
Mottaking
Atlantic Records sette opphavleg eit klistremerke på CD-versjonen der det stod «To bonusspor», noko Collins var usamd i og meinte det var «ekstra» songar. Klistremerke vart så endra.[7]
«Another Day in Paradise» vann Grammyprisen for årets singel. ...But Seriously vart nominert til årets album, årets produsent og beste lydteknikar. «Another Day in Paradise» var òg nominert til årets song, beste mannlege popsong, medan instrumentalstykket «Saturday Night and Sunday Morning» vart nominert til beste popinstrumental.
...But Seriously fekk to American Music Awards for beste pop/rock-album og beste pop/rockartist.
Under Brit Awards i 1990 fekk «Another Day in Paradise» prisen for årets britiske singel, medan Collins vart nominert til årets britiske artist,[8] noko han òg vart i 1991.[9]
I Storbritannia låg ...But Seriously 15 ikkje-samanhengande veker på toppen av lista, mellom anna over heile jula, og vart mot slutten av 1989 det tredje mest selde albumet det året, etter berre seks veker i sal. Det vart bestseljande albumet i Storbritannia i 1990. Albumet gjekk òg til topps i USA, der det låg i fire veker[10] og vart det nest bestseljande albumet i 1990 i USA, i følgje Billboard. Det vart det siste albumet som låg på toppen av lista i 1980-åra og det første i 1990-åra i både Storbritannia og USA.
I vart albumet det nest bestseljande albumet i historia så lenge den tyske albumlista har eksistert og det bestseljande albumet av ein utanlandsk artist.
Remove ads
Turné
Collins la ut på ein verdsturné for å marknadsføre albumet, kalla Seriously, Live! World Tour. I alt heldt han 113 konsertar på tre kontinent. Både eit konsertalbum og ei video med opptak frå turneen vart sidan gjeven ut som Serious Hits... Live!.
Innhald
Alle spor skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde
LP
Bonusspor på 2016-utgåva
Remove ads
B-sider
- «That's How I Feel»
- «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
- «Around the World in 80 Presets»
Medverkande
Henta frå plateomslaget.[11]
Musikarar
- Phil Collins – vokal (1-9, 11, 12), klaverinstrument (1-9, 11, 12), trommer (1, 4-12), perkusjon (2, 3, 10, 12), tamburin (6, 8)
- Daryl Stuermer – gitar (1-4, 8, 11, 12)
- Dominic Miller – gitar (1, 4, 5, 7, 9)
- Eric Clapton – gitar (6)
- Nathan East – bassgitar (1, 4)
- Leland Sklar – bassgitar (2, 5, 7-12)
- Pino Palladino – bassgitar (3, 6)
- The Phenix Horns (1, 4, 5, 10, 12):
- Don Myrick – saksofon, altsaksofon solo (9)
- Louis Satterfield – trombone
- Harry Kim – trompet
- Rhamlee Michael Davis – trompet
- Steve Winwood – Hammondorgel (9)
- Alex Brown, Marva King and Lynne Fiddmont – korvokal (1, 4, 8, 9)
- David Crosby – vokal (2, 7)
- Stephen Bishop – vokal (3)
Produksjon
- Phil Collins – produsent, miksing
- Hugh Padgham – produsent, miksing, lydteknikar
- Ed Goodreau – assisterande lydteknikar (Los Angeles)
- Simon Osbourne – assisterande lydteknikar
- Tom Tom 84 – blåsearrangement
- Maurice Spears – musikalsk handsaming
- Trevor Key – fotografi
Remove ads
Salslister
Salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads