I Wish It Would Rain Down

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Wish It Would Rain Down» er ein song av Phil Collins frå albumet …But Seriously frå 1989 med Eric Claptongitar. Songen var òg eit steg til sida for dance-pop-stilen til No Jacket Required. Songen var ein stor hitt i mange land, inkludert Canada der han gjekk heilt til topps.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

Collins fekk med seg Eric Clapton på gitar. Collins fortalte sjølv, «Eg sa 'Eric, har eg aldri bede deg spele? Kom igjen, eg har ein song som er i di gate her.'»[1] Collins følte det var så nær han nokon gong hadde kome å skrive ein bluessong.[1] Collins følte òg at det var ein Clapton-song.[1]

Musikkvideo

Den 8:30 minuttar lange musikkvideoen i svartkvit var regissert av James Yukich, og inneheld ein 2:30 minuttar langs del med skodespel før musikken startar. Settingen var eit teater i 1940- eller 1950-åra. Skodespelaren Jeffrey Tambor spelar ein hyperkritisk, misnøgd teaterregissør. Han øvar med nokre dansarar (som dansar til gitar/bassriffet frå songen «Sunshine of Your Love» av bandet Cream, der Eric Clapton spelar gitar.)

Remove ads

Innhald

CD maxi
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
  3. «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»
7" single
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
12" single
  1. «I Wish It Would Rain Down»
  2. «Homeless» («Another Day in Paradise» demo)
  3. «You've Been in Love (That Little Bit Too Long)»

Medverkande

Salslister

Songen vart ein hit i 1990 og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA og førsteplassen på RPM Top 100 i Canada. I Storbritannia nådde singelen sjuandeplassen.

I Canada var han den singelen som låg lengst på toppen av lista i 1990 med seks veker og var den mestseljande singelen i Canada det året.[2]

Meir informasjon Liste (1990), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads