No Jacket Required

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

No Jacket Required er det tredje soloalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 25. januar 1985. Albumet er kalla opp etter ei hending i The Pump Room i Chicago, der Collins vart nekta adgang på grunn av kleda sine. Med på No Jacket Required er fleire gjestevokalistar som Helen Terry, Peter Gabriel og Sting. Somme av songane, som «Don't Lose My Number» og «Sussudio», var baserte på improvisasjon. Andre songar, som «Long Long Way to Go», hadde ei politisk melding. «One More Night», «Sussudio», «Don't Lose My Number» og «Take Me Home» vart gjevne ut som singlar og det vart laga musikkvideo til alle. Alle fire singlane gjekk inn på Topp 10 på singellista Billboard Hot 100 og både «Sussudio» og «One More Night» gjekk heilt til topps. Dei tre singlane som vart gjevne ut i Storbritannia nådde alle Topp 20 på singellista.

Meir informasjon Phil Collins-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet fekk stort sett gode meldingar og fekk ein Grammy Award for årets album i 1985. Stephen Holden frå The New York Times sa at Collins «på stille vis revolusjonerte og utvida rolla til trommene i popmusikken». Rolling Stone-journalist David Fricke sa «Som med platene frå '81 og '82, Face Value og Hello, I Must Be Going!, er ikkje No Jacket Required eit album som ligg å ventar på å bli likt». No Jacket Required vart det mestseljande albumet til Collins og gjekk til topps på salslistene i fleire land, mellom anna USA (der det låg på toppen i sju veker), Storbritannia og Canada. Albumet selde til diamantplate i USA og selde over to millionar eksemplar i Storbritannia med 6× platina. Verda over har det seld over 20 millionar eksemplar.

Mange av songane, inkludert «Take Me Home» og «Long Long Way to Go», har vorte nytta i episodar av Miami Vice og Cold Case, og «The Man with the Horn» vart skriven om og spelt inn att for episoden «Phil the Shill». «We Said Hello Goodbye» vart spelt inn på ny for filmen Playing for Keeps.

Etter at albumet kom ut la Collins ut på ein suksessrik verdsturné. Mot slutten av turneen fekk Collins mykje ros for framføringa si både i London og Philadelphia under Live Aid den 13. juli 1985. Under turneen spelte Collins inn ein song med Marilyn Martin for filmen White Nights, kalla «Separate Lives», som gjekk til topps i USA. Remiksar av seks av songane på albumet vart sidan gjeve ut på samlinga 12"ers.

Ved Grammy Award i 1985 var Collins nominert til fem prisar.[8] Han vann prisen får årets album og beste mannlege vokalist.[9] I tillegg delte Collins årets produsent med Hugh Padgham.[10]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Phil Collins, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Musikarar[11]
Remove ads

Lister

Album

Meir informasjon År, Lister ...

Singlar

Meir informasjon År, Tittel ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads