Another Day in Paradise

song av Phil Collins From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Another Day in Paradise» er ein song av Phil Collins som vart gjeve ut som den første singelen frå det store hitalbumet hans …But Seriously (1989). Som songen hans for Genesis, «Man on the Corner» vart «Another Day in Paradise» skriven for å fokusere på heimløyse[2], så songen var slik sett eit stort steg til side for dance-popmusikken hans på det førre albumet, No Jacket Required (1985). Songen gjekk til topps verda over og vart den mest suksessrike songen hans i karrieren. Collins og produsenten Hugh Padgham fekk i 1991 ein Grammy Award for årets plate med songen. Songen vann òg prisen for beste britiske singel på Brit Awards i 1990. I USA vart han den siste singelen til Collins som gjekk til toppen av singellista.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Phil Collins-kronologi ...

Songen vart lista på 86. plass på Billboard si liste over dei beste songane gjennom tidene.[3]

Remove ads

Historie

Songen vart ein enorm hit for Collins. Den 23. desember 1989 vart han den sjuande og siste singelen hans som gjekk til topps i USA. Songen låg fire veker på toppen av lista, inn i 1990. Songen gjekk òg til topps i Tyskland og Noreg, men berre andreplassen i Storbritannia.

David Crosby syng korvokal på songen.

Utgjevingar

12" singel
  1. «Another Day in Paradise» (album version) – 5:22
  2. «Another Day in Paradise» (radio edit) – 4:04
CD Maxi singel
  1. «Another Day in Paradise» – 5:15
  2. «Saturday Night and Sunday Morning» – 1:25
  3. «Heat on the Street» – 3:59
7" singel
  1. «Another Day in Paradise» – 4:48
  2. «Heat on the Street» – 3:59

Collins og Crosby song songen i lag under Grammy Awards i 1991 og dette opptaket vart gjeve ut på albumet Grammy's Greatest Moments Volume I i 1994.[4]

Remove ads

Medverkande

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1989–1990), Plassering ...
Remove ads

Jam Tronik

Meir informasjon B-side ...

Mindre enn seks månader etter Collins sin versjon kom ut, dukka det opp ein coverversjon på den britiske singellista av dance-artisten Jam Tronik. Singelen nådde 19. plass på den britiske singellista i april 1990 og vart gjeve ut på samlealbumet Now That's What I Call Music! 17, som er ein populær britisk samleplateserie. I denne versjonen er det sampla ein tromme-loop frå Raze-songen «Break 4 Love» frå 1988. Jam Tronix fekk ikkje fleire hittar og vart ein one hit wonder.

Salslister

Meir informasjon Liste (1990), Plassering ...
Remove ads

Brandy og Ray J

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads