Aalst

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aalstmap
Remove ads

Aalst (fransk Alost) er ein by og kommune ved elva Dender i Belgia, 30 km nordvest for Brussel. Han ligg i Flandern, i provinsen Aust-Flandern. Kommunen består av sjølve byen Aalst, og landsbyane Baardegem, Erembodegem, Gijzegem, Herdersem, Hofstade, Meldert, Moorsel og Nieuwerkerken-Aalst. Byen har framleis ein feide med Dendermonde, som ligg litt lenger nord langs same elva, som går tilbake til mellomalderen.

Kjappe fakta Land Region Provins, Flatevidd ...
Remove ads

Historie

Aalst vart først nemnd i skriftlege kjelder på 800-talet, då han vart skildra som villa Alost, under Abbeden av Lobbes. I mellomalderen voks byen som eit strategisk punkt der vegen frå Brugge til Köln kryssa Dender. På 1000-talet vart Aalst overført frå pagusen av Brabant til Grevskapet Flandern. Sidan han låg ved grensa til Det tysk-romerske riket hadde han likevel ein viss grad av sjølvstende. Forholdet til Brabant er best bevart i det kvite og raude byvåpenet til byen, som var fargane til Lotharingia.

Thumb
Kyrkja i Béguinage i Aalst

Bygginga av rådhuset starta på midten av 1100-talet.[1] Det er det eldste rådhuset som finst i Belgia i dag. Fleire manuskript frå denne perioden ligg framleis i byarkivet. Rådhuset, og byen sjølv, vart nesten heilt øydelagd av brann i 1360. Byen vart raskt bygd opp att og eit nytt klokketårn i gotisk stil vart bygd på 1400-talet. Dette var ei tid med stor velstand i byen, som var dominert av det mektige lauget til vevarane. På denne tida vart òg Dirk Martens frå byen den første boktrykkaren i Dei spanske Nederlanda og opna eit trykkeri i 1473 som gav ut bøker av forskjellige forfattarar, mellom anna Kristoffer Columbus. Martens vart seinare ein professor ved Det katolske universitetet i Louvain.[1]

Aalst vart hardt råka av åttiårskrigen (1568-1648). Han vart seinare erobra av Frankrike i Devolusjonskrigen i 1667, og dei hadde byen og resten av Dei spanske Nederlanda til godt ut på 1700-talet. Under franskmennene blømde den tekstilbaserte industrien. 1800-talet var prega av samfunnskriser skapt av den industrielle revolusjonen og Fader Adolf Daens og partiet hans, Christene Volkspartij, dukka opp for å forsvare rettane til arbeidarane. Aalst var okkupert av tyskarane under begge verdskrigane på 1900-talet.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads