Bror

mannleg søsken From Wikipedia, the free encyclopedia

Bror
Remove ads

Bror (fleirtal brør) eller broder (fl. brødrar) er eit mannleg sysken. Det kan også vera neming eller tittel for nokon som høyrer til ein viss fellesskap, knytt til tru, levesett eller eit vidare slektskap.

Thumb
Bruder Klous, Nikolaus av Flüe, sveitsisk einebuar og helgen.
Denne artikkelen handlar om eit mannleg sysken. For mannsnamnet, sjå namnet Bror. For songen, sjå Lillebror av Inger Lise Rypdal og Kirsti Sparboe.
Thumb
Kong Ludvig XIV av Frankrike og bror hans, hertug Filip av Orleans.
Remove ads

Ordsoge

Ordet «bror» stammar frå norrønt bróðir. «Broder» er ei eldre form som i dag helst blir brukt arkaisk, til dømes i diktarspråk.

Det latinske ordet for bror er frater og kan brukast på norsk om eit medlem av ein munkeorden. Det har gjeve opphav til omgrep som «fraternisering», ha nær omgang med, og «fraternity» ved amerikanske universitet. Det tilsvarande greske ordet er phrater.

Thumb
«Am I not a man and a brother.» Brorskap mellom alle menneske blei nytta av Society for Effecting the Abolition of the Slave Trade i logoen deira.
Remove ads

Symbolsk brorskap

Bror og broder kan brukast til å uttrykka ulike former for slektskap, strekt vidast slektskap mellom menneskja. Det kan visa til ei ætte- eller folkegruppe, som i tanken om «dei skandinaviske broderfolka», eit tanke- («andsbror») eller levesett («svirebror»). Vidare finst tanken om blodsbrør, der to menn eller gutar som ikkje er nært i slekt går inn i eit symbolsk brorskapstilhøve.

Omgrepet kan brukast om medlemmer av ein religion, som «brør i trua» eller ganske enkelt «bror» om ein mannleg muslim.[1] Ein finn også «bror», «broder», «frater» og liknande om medlemmer av religiøse ordener eller organisasjonar, og i nokre namn på slike organisasjonar, som Den muslimske brorskapen eller Ordo Fratrum Minorum, «Småbrørordenen», til vanleg kjend som fransiskanarordenen.

Thumb
Marx-brørne Chico, Harpo, Groucho og Zeppo.
Remove ads

Kjende brør

Mange grupper av brør er blitt kjende som dette, særleg dersom dei held på med liknande ting. Nokre døme er Grimm-brørne, Wright-brørne og Marx-brørne.

Brør opptrer litterært mellom anna i Brødrene Karamasov av Dostojevskij og i forteljingane om «Bror min» av Kjell Aukrust.

Sjå òg

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads