Addicted to Love

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Addicted to Love» er ein song av den engelske rockesongaren Robert Palmer frå 1986. Songen vart signaturlåten hans, delvis takka vere ein populær video med høge motemodellar.[1] Andre artistar har sidan gjeve ut versjonar av songen.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Han var den tredje songen på albumet Riptide. Versjonen som vart gjeven ut for radio, er kring fire minuttar lang, medan albumversjonen er litt over seks minuttar lang.

Songen gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i februar 1986 og nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100-lista og Top Rock Tracks-lista. Det var ein av dei siste singlane gjevne ut på vinyl som selde ein million eksemplar i USA. Songen nådde òg toppen av singellista i Australia og femteplassen på UK Singles Chart.

Remove ads

Bakgrunn

Opphavleg var songen meint å vere ein duett med Chaka Khan, men songen vart spelt inn utan ho fordi plateselskapet hennar på den tida ikkje gav ho løyve til å arbeide med selskapet til Palmer, Island Records. Chaka Khan er likevel oppført for vokalarrangementet i plateomslaget.

Andy Taylor frå Duran Duran (og ein bandkollega av Palmer frå The Power Station) spelar sologitar. Andre gitarparti på songen vart spelt av Eddie Martinez[2] og klaverinstrument av Wally Badarou. Songen er kjend for trommeintroen, som har ein 7/4-takt. Resten av songen er i 4/4-takt.

Noddy Holder (frontmann og vokalist i Slade) sa i eit intervju at songen var ein song han ønskte han hadde skrive sjølv. «Den største songen eg ønskte at eg hadde skrive og spelt inn sjølv er 'Addicted to Love' av Robert Palmer. For meg er det ein perfekt popsong. Alt ved denne treff spikaren på hovudet.»[3]

Remove ads

Musikkvideo

Thumb
Palmer framfører songen på konsert.

Musikkvideoen frå 1986 (som nyttar den kortare singelversjonen av songen) var regissert av den britiske fotografen Terence Donovan,[4] og var ein av dei mest ikoniske videoane frå denne tida. Videoen syner Palmer som framfører songen med eit abstrakt «band», som er ei gruppe med kvinnelege modellar med bleik hud, mykje sminke, mørkt hår og mannekeng-liknande uttrykk som liknar stilen til kvinnene i måleri av Patrick Nagel.

Den fem modellane i videoen er Julie Pankhurst (klaverinstrument), Patty Kelly (gitar), Mak Gilchrist (bassgitar) og Julia Bolino (gitar) og Kathy Davies (trommer).[5]

Mak Gilchrist sa til Q:

«Eg var 21 og fekk rolla på grunn av modellutsjånaden min. Me skulle sjå ut som og oppføre oss som mannekengar. Regissøren Terence Donovan fekk oss småfulle på ei flase vin, og då me skulle fikse sminka mista eg balansen på dei høge hælane mine og slo toppen av gitaren inn i bakhovudet på Robert, og andletet hans traff mikrofonen.»[6]

Palmer brukte «modellkonseptet» i videoen for videoane sine i tre andre songar: «I Didn't Mean to Turn You On» (òg frå Riptide), «Simply Irresistible» og den animerte «Change His Ways» (begge frå Heavy Nova).

VH1-programmet Pop-Up Video fortel at det vart leigd inn musikarar for å lære modellane grunnleggande fingerteknikar, men at dei «gav opp etter ein time og forsvann». Episoden påpeiker òg fleire koreografiske feil, som at modellane ikkje er i takt med kvarandre, og rører seg då rytmen stoppar, som under det andre refrenget.

Musikkvideoen vart rangert på tredjeplassen på VH1's Top 20 Videos of the 1980s og var både den første og den siste videoen som vart vist på det langvarige britiske musikkprogrammet The Chart Show.

Modellane vart òg nytta i ein parodi av videoen i «Weird Al» Yankovic-filmen UHF med briller og bart.

Musikkvideoen vart òg parodiert av Stardust i «Music Sounds Better with You» og av Shania Twain i «Man! I Feel Like a Woman!».

Remove ads

Lister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1986), Plassering ...

Tina Turner-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Tina Turner framførte ofte «Addicted to Love» på konsertane sine sidan 1986. Eit konsertopptak frå 1986-1987-turneen hennar kom ut på Tina: Live in Europa i 1988, og vart òg gjeven ut som singel for å marknadsføre dette albumet i visse land - i staden for «Nutbush City Limits» - og vart ein hitt i Nederland.

Dei to singlane hadde same B-sider: konsertopptak av «Overnight Sensation» og ZZ Top sin «Legs» og nær identiske biletomslag. Versjonen av «Addicted to Love» som vart utgjeven på singel var ein annan miks av songen. Singelmiksen vart seinare gjeven ut på den europeiske utgåva av samlealbumet Simply the Best i 1991, i tillegg til All the Best i 2004 og Tina! i 2008. Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Tina Live i 2009.

Offisielle versjonar

  • Tina Live in Europe albummiks – 5:22
  • Singelversjon – 5:10
  • Tina Live – 4:54

Lister

Meir informasjon Liste (1988), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • I 1988 vart songen spelt inn av Ciccone Youth (Sonic Youth med Mike Watt).[30] Denne finst på The Whitey Album, og vart spelt inn i ei karaokesjappe med Kim Gordon på vokal.
  • Det serbiske alternative rockebandet Disciplina Kicme spelte inn ein versjon av songen live på EPen Decija pesma i 1987.
  • I 1991 gav den keltiske banjospelaren Tom Hanway ut songen med bandet Blue Horizon på albumet Bucket of Bees.
  • I 2006 spelte Eagles of Death Metal inn songen som bonusspor på somme eksemplar av studioalbumet Death by Sexy.
  • I 2006 vart songen framført av Westlife på Face to Face-turneen deira.
  • I 2009 spelte Florence + the Machine inn ein versjon av songen som B-side til «You've Got the Love». I USA vart denne sognen gjeven ut som digital singel.[31]
  • Garth Brooks i 2013 for albumet Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences.
  • Alex Clare spelte inn songen i 2014 på albumet Three Hearts.
  • I 1995 spelte Johnny Cash, akkompagnert av Tom Petty and the Heartbreakers, inn ein versjon av songen under innspelinga av albumet Unchained, men produsenten Rick Rubin valde å ikkje gje han ut.[32]
Remove ads

Konsertversjonar

  • Van Halen varma opp med songen i MTV-dokumentaren «Van Halen Unleashed». Dei frafmørte første verset av songen i «Best Of Both Worlds» under 1986 MTV Video Music Awards. Då denne konserten vart gjeve ut på heimevideo med tittelen Live Without A Net, vart «Addicted To Love» fjerna.
  • Rod Stewart framførte songen i Albert Hall som ein del av ein medley med «Some Guys Have All The Luck».

Parodiar

Parodiar av songen er mellom anna:

  • «Addicted to Spuds» av «Weird Al» Yankovic i 1986 og «UHF» i 1989
  • «Addicted to Pam» av Brocket 99
  • «Addicted To Butts» avBob Rivers (eller «Addicted To (Cigarette) Butts»)
  • «Stealing Christmas» av Brian P. Metcalf, om Grinsjen

Filmparodiar:

  • Den komiske «skrekkfilmen» Repossessed med Leslie Nielsen som Father Jebedaiah Mayii i 1990
  • den romantiske komedien Love Actually med Bill Nighy som Billy Mack i 2003.
Remove ads

Påverknad på andre musikkvideoar

Videoen har anten direkte påverka eller blitt parodiert i fleire musikkvideoar:

  • Dance Like A Mother sin «You Ain't So Tough» frå 1987.
  • The Return of Bruno, ein mockumentary på HBO i 1987, hevda at Bruno (spelt av Bruce Willis) i 1976 spelte inn ein popvideo med fire kvinner som spelar bassgitar. Songen vart framført var Peter Gun, men med ein parodivideo av «Addicted to Love».
  • Tone Loc sin «Wild Thing» i 1988.
  • Paula Abdul sin «Forever Your Girl» i 1989.
  • Queen sin «The Miracle» i 1989.
  • «Weird Al» Yankovic i «UHF» i 1989.
  • Mr Blobby i «Mr Blobby» i 1989.
  • Michelle Shocked i «On the Greener Side» i 1989.
  • Shania Twain i «Man! I Feel Like a Woman!» i 1999, der ho nyttar mannlege modellar i staden for kvinnlege.
  • Bowling for Soup sin «1985» i 2004.
  • Beyoncé i «Green Light» i 2007.
  • Ingrid Michaelson i «Girls Chase Boys» i 2014.
Remove ads

I andre media

  • Songen er å høyre i filmen Dangerously Close frå 1986 og dokumentarfilmen «What the Bleep Do We Know!?» i 2004.
  • Geena Davis spelte ein av modellane i ein sketsj på Saturday Night Live i 1989, The Robert Palmer Bunch, som syner jentene som bur med Robert Palmer i ein forstad. Palmer vart spelt av Phil Hartman.
  • Videoen vart parodiert i ein draumesekvens av Dr. Joel Fleischman i TV-serien Northern Exposure i 1991.
  • Super Bowl-reklamen for TV-serien Lost i 2006 inneheld ein forkorta versjon av videoen med bilete frå dei to første sesongane av serien. Teksten var endra frå «love» til «Lost» («Addicted to Lost»).
  • Emerald Nuts nytta «Addicted to Love»-jenter i ein fjernsynsreklame.
  • Ring of Honor-brytaren Rhett Titus har nytta songen under introduksjonen av han sjølv.
  • Ein liten scene av videoen vart nytta i 2009 i filmen Watchmen av Adrian Veidt / Ozymandias.
  • The Late Late Show with Craig Ferguson i januar 2010 opna med Craig Ferguson kledd som ein av modellane og Rosie O'Donnell som Robert Palmer, som mimar til «Addicted to Love».
  • Skylar Grey-versjonen av songen vart nytta i ein trailer for filmen Endless Love i 2014.
  • Songen vart nytta i ein scene i «Cocktail» med Tom Cruise.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads