Tonight av Iggy Pop
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Tonight» er ein song skriven av David Bowie og Iggy Pop for Iggy-albumet Lust for Life, som kom ut i 1977. Songen vart seinare spelt inn på nytt som tittelsporet for Bowie sitt Tonight.
Bowie spelte inn songen som ein duett med Tina Turner, i 1984 for det nye albumet, og gav han ut som singel. Albumet inneheldt òg to nye songar skrivne i lag med Pop (mellom anna B-sida til «Tonight»,«Tumble and Twirl») - noko enkelte meinte Bowie gjorde som ei teneste for venen sin, som på denne tida sleit økonomisk. Den originale muntlege introduksjonen frå versjonen i 1977 syner at teksten er til ein kjæraste som er i ferd med å døy av ein heroinoverdose. Denne delen vart fjerna frå Bowie sin versjon, som på dette viset endra tydinga av songen. Bowie hevda på denne tida at han ikkje ønskte å påføre denne teksten på TUrner, men det er meir truleg at han gjorde songen mjukare for å gjere han meir kommersiell.
Den reggae-aktige versjonen av songen vart rekna som ein stor flopp, og nådde berre 53. plass i Storbritannia, samstundes som albumet fall raskt på albumlista. Singelen nådde likevel førsteplassen i Polen.
Remove ads
- 7"-singel
 
- «Tonight» – 3:43
 - «Tumble and Twirl» – 4:56
 
- 12"-singel
 
- «Tonight (Vocal Dance Mix)» - 4:29
 - «Tumble and Twirl (Extended Dance Mix)» – 5:03
 - «Tonight (Dub Mix)» – 4:18
 
- David Bowie – vokal
 - Tina Turner – vokal
 - Carlos Alomar – gitar
 - Carmine Rojas – bassgitar
 - Omar Hakim – trommer
 - Guy St Onge – marimba
 
- Produksjon
 
- David Bowie – plateprodusent
 - Derek Bramble – produsent
 - Hugh Padgham – produsent
 
Tonight (Live)
Bowie spelte songen på ein konsert med Tina Turner den 23. mars 1985 på konserten hennar i National Exhibition Centre i Birmingham. Denne versjonen finst på konsertalbumet til Turner, Tina Live in Europe som kom ut tre år seinare. Han vart då gjeven ut som singel i 1988 og gjekk til topps i Nederland.
Salslister og salstrofé
Vekeslister
Årslister
Salstrofé og salstal
Remove ads
Andre versjonar
- Herman van Veen - ein nederlandsk versjon kalla «De Laatste Dans».
 
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads